Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Oppsummeringsoppgåver om mikroorganismar

Desse oppgåvene tek deg gjennom hovudpunkta i emnet om mikroorganismar.

Oppgåve 1. Memory

Lag par ved å finne biletet og ordet som høyrer saman.

Oppgåve 2. Kva er mikroorganismar?

Oppgåve 3. Kva har mikroorganismar til felles?

Ta utgangspunkt i fasiten til oppgåve 2.

  1. Kan de finne eigenskapar som er felles for alle desse mikroorganismane?
  2. Ta stilling til dei alternativa som ikkje er mikroorganismar. Diskuter kvifor dei ikkje blir rekna som det.
  3. Skriv dykar eigen definisjon av kva vi meiner med mikroorganismar.
  4. Finn ein definisjon av "mikroorganisme" på nettet. Samanlikn denne definisjonen med definisjonen dykkar. Kva skil forklaringane frå kvarandre? Kva var likt?

Oppgåve 4. Avkryssingsoppgåver om mikrobiologi

Oppgåve 5. Oppbygginga til ein bakterie

Oppgåve 6. Oppbygginga til ei dyrecelle

Oppgåve 7. Dra orda til rette boksar i tekst om virus

Oppgåve 8. Oppgåvesett om virusroller

Oppgåve 9. Øvingsoppgåver

  1. Kva meiner vi med mikroorganismar?
  2. Gi døme på ulike typar mikroorganismar.
  3. Korleis formeirar bakteriar seg?
  4. Bakterien E.coli deler seg kvart 20 minutt.

    1. Kor mange bakteriar kan det danne seg i løpet av 24 timar?
    2. Kor lang tid vil det ta før det har blitt danna 1 million bakteriar?
  5. Kva meiner vi med patogene bakteriar?
  6. Gi døme på sjukdommar som blir framkalla av bakteriar.
  7. Kva brukar vi antibiotika til?
  8. Kva meiner vi med antibiotikaresistens? Kvifor er antibiotikaresistens eit problem?
  9. Korleis formeirar virus seg?
  10. Kvifor kan vi ikkje kjempe mot bakteriar og virus på same måte?
  11. Gi døme på at mikroorganismar kan vere nyttige for oss menneske.
CC BY-SASkrive av Thomas Bedin.
Sist fagleg oppdatert 16.05.2023

Læringsressursar

Mikroorganismar