Hopp til innhald

Fagstoff

Frå venskap til korrupsjon

I yrkeslivet ser vi av og til at venskap og deltaking i personlege og profesjonelle nettverk kan føre til smørjing og korrupsjon. Korleis kan vi skape auka forståing om slike problem og hindre at det skjer?
200-kronesetel blir gitt frå ei hand til ei anna. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Venskap

Gode relasjonar og nettverk er nyttig i alle bransjar. Det er positivt å bli godt kjend med kundar, leverandørar og samarbeidspartnarar. Sosiale nettverk er vanlege i arbeidslivet. I eit nettverk møtest menneske uformelt. I mange samanhengar er det nyttig og givande å delta i sosiale nettverk.

Problem oppstår når nokon gir kvarandre fordelar fordi dei kjenner kvarandre eller er vener. Det er kameraderi viss personar i eit nettverk favoriserer kvarandre ved tilsetjingar eller ved val av leverandørar og samarbeidspartnarar. Kameraderi er uetisk.

Vegen kan vere kort frå kameraderi til ulovleg smørjing og korrupsjon.

Smørjing

Ei gåve til forretningssamband kan vere ei hyggjeleg merksemd. Kva er det greitt å gi til forretningssamband? Når er det akseptabelt å bli med ein leverandør på tur – eller å invitere ein kunde? Kva bør eg tenkje på viss det blir aktuelt å dekkje utgifter for moglege kundar?

Næringslivets Hovedorganisasjon (NHO) tilbyr rettleiaren ...over streken? for å hjelpe bedrifter til å tenkje over korleis dei bør handtere gåver, representasjon og dekking av utgifter.

NHOs rettleiar om handtering av gåver, representasjon og dekking av utgifter

Mye som før virket OK er i dag uakseptabelt! ...over streken?

Viss du er i tvil om du kan takke ja til gåver og invitasjonar, kan du ta ein «smørjetest»:

  • Vil du ha godt samvit viss du tek imot?
  • Er det problemfritt å fortelje dine overordna om det?
  • Er det greitt at det blir omtalt i avisa?

Smørjing er ei form for bestikking som inneber eit direkte eller indirekte tilbod om – eller yting av – ei ureglementert og ulovleg betaling. Dette blir gjort for å oppnå ein eller annan fordel, til dømes ein kontrakt, leveringsordre eller teneste. Bestikkinga kan bestå av pengar (under bordet) eller andre fordeler.

Korrupsjon er straffbart

Organisasjonen Transparency International gir to definisjonar på korrupsjon:

  • Korrupsjon er når ein person i ei tiltrudd stilling set ansvaret og forpliktingane som er knytte til stillinga, til side og misbruker makta som ligg i stillinga, og ved dette oppnår anten ein privat fordel eller påskjøning, eller på urettkome vis tek sikte på ein fordel til eigen organisasjon eller eige firma.
  • Korrupsjon er misbruk av makt i tiltrudde stillingar for personleg gevinst.

Ifølgje norsk lov er å gi/tilby eller krevje/få/akseptere ein utilbørleg fordel i samband med utøving av stilling eller verv eller utføring av oppdrag. Korrupsjon er uetisk og kan straffast med fengsel i inntil tre år – og inntil ti år for grov korrupsjon.

Les meir om Transparency International

Transparency International Norge

Kamp mot korrupsjon

Kvifor er det så viktig å kjempe mot korrupsjon?

  • Korrupsjon er ein trussel mot rettsstaten, demokratiet og menneskerettane fordi korrupsjon svekkjer etiske og moralske verdiar.
  • Korrupsjon er det største hinderet for sosial og økonomisk utvikling i den tredje verda.
  • Korrupsjon skaper forskjellsbehandling og hindrar sosial rettferd.
  • Korrupsjon undergrev reieleg konkurranse og fører til konkurransevriding.
  • Korrupsjon kan påføre bedrifter direkte økonomisk tap og tap av omdøme.

Relatert innhald

Drøftingsoppgåve om grenseoppgangen mellom venskap, smørjing og korrupsjon.

CC BY-SASkrive av Kjell Rosland. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 07.06.2021

Læringsressursar

Yrkesetikk