Fellesskapsløyve
Alle som driv yrkestransport med gods innanfor EØS-området, må – etter handelsavtalen (EØS-avtalen) som Noreg har inngått med EU – ha fellesskapsløyve. Kopi av fellesskapsløyvet skal liggje i køyretøyet under transport. Handelsavtalen gir norske transportørar rett til
- transport mellom Noreg og eit land innanfor EU-/EØS-området
- transport av gods i transitt gjennom eit EU-/EØS-land
- mellombels kabotasje (transport av gods i eit anna EU-/EØS-land)
I tabellen kan du sjå kva land som høyrer med i EU-, EØS- og EFTA-området:
Farge | Handelsunion | Handelsavtalar | Land |
---|---|---|---|
Raudt | EU | Belgia, Frankrike, Tyskland, Italia, Luxemburg, Nederland, Danmark, Irland, Storbritannia, Hellas, Portugal, Spania, Austerrike, Finland, Sverige, Kypros, Tsjekkia, Estland, Ungarn, Latvia, Litauen, Malta, Polen, Slovakia, Slovenia, Bulgaria, Romania | |
Gult | EØS | Noreg, Island og Liechtenstein | |
Turkis | EFTA | Sveits |
CEMT-løyve
Eit fellesskapsløyve er ikkje alltid nok. Om du skal høyre til og frå eit land utanom EU-/EØS-/EFTA-området, må du ha eit CEMT-løyve frå eit land som er medlem av den europeiske transportministerkonferansen, eller ITF, som dette internasjonale samarbeidsorganet heiter no. CEMT-løyve får du frå Statens vegvesen når du treng det.
Døme
Om ein norsk sjåfør skal køyre frå Kirkenes til Russland, må sjåføren ha med seg eit CEMT-løyve. Grunnen er at Russland ikkje er medlem av EU, samtidig som både Noreg og Russland er medlemmer av ITF. Du finn ei oversikt over landa som er medlemmer av ITF her.