Hopp til innhald

Fagstoff

Kroppsleg læring og turn, økt 1

Turn er ein idrett som kan tilpassast og leggjast til rette slik at det blir ein morosam aktivitet som inviterer til eksperimentering med kropp. Dette kan du gjere både åleine og i samarbeid med andre, uavhengig av kompetansen du har frå før.
Jente som balanserer på ein bom med armane ut til sida. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Turn som aktivitet gir ei unik moglegheit til å bidra til at du lærer, sansar, opplever og skaper med kroppen, noko som er ein sentral del av kroppsøvingsfaget. Fagfornyinga vektlegg at du skal få moglegheit til å utfordre motet ditt ved å tøye eigne grenser, og dette kan turn i stor grad bidra til, då det er ein idrett som krev allsidigheit som koordinasjon, styrke, rørsleevne og kroppsbevisstheit i tillegg til psykiske eigenskapar som konsentrasjon. Rørsle og kroppsleg læring er eit kjerneelement som kan knytast tett opp mot turn, og målet med dette undervisningsopplegget er som kjerneelementet definerer: allsidig motorisk læring, utvikling av kroppsbevisstheit og stimulering til rørsleglede, åleine og saman med andre.

Opplegget som er presentert under, er eit forslag på fire økter i turn med ein tenkt progresjon. Det inkluderer òg videoar med øvingsutval der du kan velje ut frå nivået ditt. Det er lagt vekt på at opplegget skal bidra til utforsking, refleksjon og undring, åleine, i par og i grupper.

Til lærar

Tips til førebuing

Opplegga kan gjennomførast likt på begge trinna. Det som skil vg1 frå vg2, er at elevane i vg2 skal fokusere på dei fysiske og koordinative eigenskapane når dei jobbar med øvingane. Uavhengig av trinn skal elevane heile tida vere klare over korleis dei bruker kroppen, og prøve å lære av dei kroppslege erfaringane sine.

Læringsmål

Målet med perioden (fire økter) er at du skal

  • trene på grunnøvingar og viarekomne element i turn ut frå eigne føresetnader (vg1)

  • reflektere over kva du får til med kroppen din, og kva du må jobbe meir med (vg1)

  • gi positive og konstruktive tilbakemeldingar (vg1)

  • utfordre deg sjølv og ikkje gi opp sjølv om du opplever å ikkje få til (vg1)

  • forstå korleis du kan utvikle koordinasjon, styrke, rørsleevne, psykisk uthald (øve og prøve sjølv om du ikkje opplever meistring) og fysisk uthald gjennom å trene på øvingar i turn (tillegg for vg2)

Oppvarming (20 minutt)

Vel ut nokre øvingar frå "Spesiell oppvarming i turn, individuelle øvingar".

Kjenn etter:

  • Kva musklar bruker du?

  • Kvar strekk og strammar det?

  • Korleis held du balansen?

  • Kvifor treng du å gjere desse øvingane for å varme opp til og betre turnkompetansen din?

Spesiell oppvarming i turn, individuelle øvingar

Hovuddel, del 1. Individuelt (30 minutt)

Sjå "Grunnøvingar i turn".

  • Gå igjennom alle øvingane i ditt eige tempo. Kjem du gjennom alle øvingane åleine, går du saman med ein læringspartnar og repeterer.

Kjenn etter:

  • Korleis bruker du kroppen i kvar øving?

  • Når du gjer øvinga "fiksering": Kjenn etter om du klarer å stramme kjernemuskulaturen samtidig (rette og skrå bukmusklar, tverrmuskelen i magen, ryggstrekkjarar, setemuskulatur).

Grunnøvingar i turn

Hovuddel, del 2. Individuelt eller i par (20 minutt)

Sjå "Turnøvingar 1" og "Turnøvingar 2".

  • Gå gjerne saman med ein læringspartnar.

  • Utfordre dykk sjølve i ei eller fleire av øvingane.

  • Del opp rørslene viss mogleg, slik at det blir lettare for dykk å prøve.

  • Spør faglærar om hjelp dersom de treng sikring eller rettleiing.

  • Vel ut eitt element du ønskjer å øve meir på eller bli betre på.

  • Gi kvarandre positive og konstruktive tilbakemeldingar undervegs.

Turnøvingar 1
Turnøvingar 2

Avslutning (5 minutt)

Diskuter (kombiner gjerne med lett uttøying).

  • Korleis kan du varme opp til ei treningsøkt i turn, hugsar du nokon øvingar?

  • Kva øvingar meistra du, og kva gjorde du då du meistra desse?

  • Kva øvingar synest du var vanskelege? Kvifor var dei vanskelege?

  • Var du nær ved å gi opp, eller heldt du motivasjonen oppe heile økta?

  • Korleis var det å bruke kroppen på denne måten?

Ekstra for vg2

  • Når og korleis har du brukt koordinasjon, uthald, styrke og rørsleevne i denne økta?


CC BY-SASkrive av Charlotte Buer Tangen og Cathrine Dunker Furuly.
Sist fagleg oppdatert 19.05.2022

Læringsressursar

Turn