Hopp til innhald

Fagstoff

Annonsar for sal og merkevarer

Annonsen er framleis den viktigaste reklamesjangeren, sjølv om han ofte har ei beskjeden utforming. Måten annonsane er utforma på, har endra seg i takt med estetiske normer og tilgang til nye mediekanalar. I dag har annonsen ein naturleg plass òg i sosiale mediekanalar.
Fulle soloflasker står tett i tett, fotograferte skrått ovanfrå. Korkane og etikettane er raude, innhaldet knallgult. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Annonse kjem frå fransk og betyr «å gjere kjent». Annonsen var tidleg ute som format i trykte aviser, og det er – interessant nok – i denne litt beskjedne sjangeren reklamebransjen har utspringet sitt.

Annonsar er den mest brukte reklameforma for kontakt med kundar. Sjangeren blir brukt av både små og store marknadsaktørar. Verksemder betaler for ein annonse for å nå ut til ei målgruppe for å gjere kjent til dømes eit produkt eller ein salskampanje.

Frå tekst til levande bilete og influensarar

Nærbilete av ein annonsetekst frå 1800-talet. Med varierte skrifttypar står det på gammalvoren dansk kva «Emgrantskibe» med kva kapteinar som fraktar emigrantar til Amerika, og at det er billeg frakt og «favorable» vilkår. Faksimile.

Rubrikkannonsar, salsannonsar og merkevareannonsar har vore brukte i aviser og magasin i over hundre og femti år. Dei har vakse i omfang og storleik og fått farge og eit betydeleg innslag av bilete.

Dei siste tiåra har dei sosiale media blitt dei viktigaste kanalane for annonsering, og bannerannonsar på nettsider og i nettaviser blir brukte som reklame. Med det er animasjon og levande bilete blitt hyppige verkemiddel i annonsar. Og det har til og med blitt vanleg å bruke influensarar som levande annonsørar, både gjennom produktplassering og gjennom produktomtalar.

Sosiale mediekanalar og annonsering

Annonseformata i sosiale medium varierer med kanalane. Stort sett er dei tilpassa formatet på mobilskjermen og ikkje minst mobilbruken: Vi held telefonen på høgkant og skrollar nedover med tommelen.

Dei ulike sosiale media kjem med sine eigne tenester, løysingar og format for annonsering. Facebook tilbyr annonsørar på Instagram og Facebook eit eige verktøy for å produsere og publisere annonsar. Med nye sosiale medieteknologiar oppstår òg nye annonseringformat, som til dømes «linser» som annonsetype på Snapchat.

Sentrale sosiale mediekanalar for annonsering

  • Facebook

  • YouTube

  • Snapchat

  • Instagram

  • LinkedIn

  • Twitter

  • Pinterest

  • TikTok

Algoritmar styrer kva innhald som blir vist for kven i sosiale medium, mellom anna med utgangspunkt i persondata og innhaldstagging. Mot betaling får verksemder høve til å kjøpe seg algoritmestyring og når dermed delar av eit målgruppesegment på bestemte tidspunkt.

Ikkje lag annonsar – lag tiktoks

Ei ung jente held fram ein smarttelefon. Skjermen er svart, og midt på lyser TikTok-logoen. Foto.

Teknologisk utvikling, nye sosiale medieplattformer og stadige endringar i brukarvanar gjer det naudsynt å følgje med på kva som fungerer i marknadskommunikasjonen. Kva kanalar skal ein velje for reklamekampanjar? Og korleis må annonsar planleggjast og utformast?

Tenk over

Hausten 2020 opna TikTok opp for annonsering. Mediebyrå fortel at dersom du skal lykkast med å påverke ein mottakar til å kjøpe eit produkt i denne kanalen, må du lage tiktoks. Ein tradisjonell annonse vil fungere dårleg.

Kor einig er du i påstanden?

Merksemd, påverknad og historieforteljing

Ein annonse skal primært vekkje merksemda til mottakaren, uavhengig av om han er publisert i redaksjonelle eller sosiale medium. Han skal minne mottakaren om ei merkevare, skape god stemning rundt eit produkt og helst auke salet av ei vare eller teneste.

Derfor må du må sørgje for at annonsen har ei interessant historie eller eit godt poeng, og at han treffer mottakaren i ein situasjon der hen har høve til å bruke tid på han.

Kjelder

Pihl, R. og Selfors, S.E. (20.november 2020). Annonse. I Store norske leksikon. https://snl.no/annonse

Sosiale medium. Mediebyråforeningen. Henta 29.april frå https://mediebyraaforeningen.no/medier/sosiale-medier/#

CC BY-SASkrive av Albertine Aaberge.
Sist fagleg oppdatert 22.04.2021

Læringsressursar

Produksjon av marknadskommunikasjon