Hopp til innhald

Fagstoff

Posisjonering og kompensering på flytande eining

Offshore-riggar og skip skal halde seg stabile og i posisjon over brønnen dei er kopla til. For å få til det bruker ein aktiv posisjonering med sidepropellar og navigasjonssystem. I tillegg har disse fartøya òg bølgjekompensering på utstyr som blir brukt i bore- og brønnoperasjonar.
Thruster-propell. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

I samband med brønnaktivitetar må ein flytande rigg (eller eit skip) plasserast slik at riggen eller skipet heile tida ligg over toppen av brønnen. Er avviket frå senter for stort, kan sambandet mellom brønnen og riggen blir brote, slik at det strøymer olje, gass eller borevæske ut i havet.

Vi har er to ulike metodar for å plassere riggen over brønnen: ankring eller dynamisk posisjonering. Ankring kan ikkje brukast på dei største havdjupa. Når riggen held seg over senteret av brønnen ved hjelp av sidepropellar (thrusters), sviv store dieselmotorar heile døgnet.

Sidan ei flytande eining går saman med bølgjene i havet, er det nødvendig å hindre at desse rørslene blir overførte til borestrengen som står i brønnen. På riggen er det innebygd bølgekompenseringsutstyr som kan kompensere for rørslene i riggen, slik at dei ikkje blir overførte til borestrengen.

CC BY-SASkrive av Sissel Paaske.
Sist fagleg oppdatert 09.10.2017

Læringsressursar

Hovedsystemer om bord i offshore installasjoner