Hopp til innhald

Fagstoff

Borekrona må roterast

Det er ikkje nok å ha borestreng og borekrone i brønnen – for å bore i stein må det både rotasjon og kraft til.
Boredekksarbeidarar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Rotasjon på borekrona

Borekrona kan roterast på to ulike måtar. Ho kan roterast ved hjelp av ei boremaskin som heng i boretårnet, ein . Ein annan metode er å bruke ein slam-motor i borestrengen, som roterer berre borekrona.

Tårnboremaskina

Alle røyra i borestrengen er skrudde saman og fungerer som eit langt røyr ned til borekrona. I toppen er borestrengen kopla til ei boremaskin som heng i boretårnet. Boremaskina er skrudd inn i gjenga i det øvste borerøyret. Boremaskina, som heiter «top drive» på engelsk, kan rotere borestrengen slik at han roterer heilt til botnen der borekrona er. Dersom ein bruker denne metoden, roterer heile borestrengen frå overflata til og med borekrona.

Når ein startar rotasjonen i borestrengen på overflata, må strengen roterast mange gonger før borekrona startar rotasjonen sin. Det betyr at borestrengen blir vridd.

Slam-motoren

Animasjonen viser boremotoren som er montert i nedre del av borestrengen. Han roterer når det blir pumpa borevæske mellom akslingen og ytterveggen. Akslingen er kopla til borekrona og overfører rotasjonen. Illustrasjon.

Dersom vi ikkje skal rotere heile borestrengen, kan vi montere ein slam-motor i borestrengen. Han blir sett inn like ovanfor borekrona. Slam-motoren startar rotasjonen av borekrona når det blir sirkulert borevæske gjennom borestrengen med ein gitt fart.

Slam-motoren har ein spiralforma aksling i midten, som roterer når det blir pumpa slam forbi han. Borekrona er festa til akslingen og roterer saman med slam-motoren.

Vekt på borekrona

Når borekrona roterer, er ho klar til å bore i steinen. Men utan vekt på borekrona vil ho ikkje klare å bryte laus bitar av fjellet. Derfor set vi ned borestrengen mot botnen av holet. Det er ikkje uvanleg å bore med mellom 15 og 30 tonn vekt på borekrona. Det blir kalla weight on bit (WOB) på engelsk.

Vekta på borekrona får vi ved å setje ned borestrengen på botnen av holet og deretter halde fram med å senke borestrengen på overflata. Då kan vi lese av på instrumenta kor mykje vekt som er på botnen, og kor mykje vekt som heng att i toppen. Vi set aldri ned heile vekta av borestrengen. Det er ikkje nødvendig.

Med vekt og rotasjon på borekrona vil tennene i borekrona knuse og male fjellet til småstein, som blir sirkulerte ut av boreholet med borevæska.

CC BY-SASkrive av Sissel Paaske.
Sist fagleg oppdatert 30.11.2020

Læringsressursar

Boring