Hopp til innhald

Fagstoff

Jackup

Jackup-riggen er ein flytande installasjon som blir taua frå plass til plass. Når han skal plasserast over ein brønn, blir tre bein jekka ned til havbotnen slik at han står stabilt.
Til venstre kan ein sjå ein jackup-rigg som blir taua med slepebåt til ein ny brønn, til høgre står ein jackup-rigg på havbotnen og borar ein brønn. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Den stabile riggen

Den oppjekkbare riggtypen er ei som står støtt på havbotnen når den er i operasjon. Det gjer han heilt annleis enn andre flyttbare riggtypar.


Ein annan spesiell eigenskap med denne riggen er at han er utstyrt med eit system som gjer det mogleg å skidde boretårnet. Konstruksjonen til boretårnet kan skyvast på utsida av skroget slik at det kan liggje over dekket på ein annan installasjon som ikkje har boretårn.

I denne animasjonen (youtube.com) ser du korleis ein jackup-rigg blir trekt inn mot ei brønnhovudplattform og landar beina på havbotnen.

Jackup-riggen landar på havbotnen med tre stålbein som kan jekkast ned og opp. Skroget (dekkmodulen) blir jekka opp i sikker høgd over havoverflata. Beina er cirka 200 meter lange. Det gjer at riggen ikkje kan brukast på havdjup over 150 meter.

Riggtypen er veldig populær, og ein reknar med at det på verdsbasis er over 500 av dei er i bruk. Riggen kan nyttast som produksjonsplattform og som bustadkvarter, men blir mest brukt til boring og vedlikehald av brønnar på norsk og internasjonal sokkel.

Skidding og jekking på ein jackup-rigg

Når riggen skal flyttast, blir skroget jekka nedover på beina til installasjonen når havet. Deretter blir beina jekka opp ved hjelp av riggens jekkesystem. Beina blir jekka eit godt stykke opp, slik at dei ikkje tek i havbotnen. Riggen blir flytta ved hjelp av slepebåt.

Boretårnet på riggen blir trekt inn, skroget blir jekka ned, og deretter blir beina jekka opp frå havbotnen. Til slutt  blir riggen slepa til ny stad. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Transport og stabilitet

Desse riggane treng slepehjelp når dei skal flyttast frå brønn til brønn. Det finst nokre få som har eiga framdrift med motor og propellsystem.

Før riggen blir slepa, må ein jekke beina opp og låse dei i transportposisjon, slik at beina ikkje lagar motstand mot framdrifta i vatnet. Fleire taubåtar slepar og manøvrerer riggen slik at han kjem i riktig posisjon over brønnen.

Tyngdepunktet i konstruksjonen er høgt på grunn av boretårnet og beina som er jekka høgt opp av vatnet. Det betyr at når installasjonen skal slepast, må det vere roleg sjø. Dersom ein jackup-rigg skal fraktast over svært lange strekk (til dømes mellom land og verdsdelar), er det vanlegare å leggje han på dekk på eit eigna transportskip.

I denne videoen ser du eit transportskip som fraktar ein jackup frå Vietnam til Dei sameinte arabiske emirata: Movement of Jack Up Drilling Rig (Youtube.com)

Tekniske detaljar om oppjekkbare riggar

Skroget på ei oppjekkbar plattform er vanlegvis trekanta med eit bein i kvart hjørne. Innvendig i skroget er det tankar for , borevæske, diesel og ferskvatn. Du finn òg verkstader og lagerrom i fleire etasjar i skroget.

Enkel framsyning av tannstong mot svart bakgrunn. Animasjon.

Kvart bein er kopla til ein jekk som bruker tannstongprinsippet. Tannstonga, tannhjulet og drivverket må smørjast og haldast jamleg ved like slik at jekkefunksjonen ikkje skal stoppe.

Dekket på plattforma er delt inn i bustadkvarter, lagerområde og boremodul. Bustadmodulen har til cirka 150 personar.

Lugarane har vanlegvis berre ei seng slik at du har rommet for deg sjølv. Det finst likevel riggar som har færre lugarar og fleire senger på kvar lugar. Dersom riggen er full, må du då dele lugar med ein som jobbar på motsett skift.

På utsida av bustadmodulen finn du livbåtar og .

Dekkskapasiteten på ei oppjekkbar plattform er relativt god, og den passar utmerkt til både bore- og vedlikehaldsjobbar. På dekk er det montert fleire kraner som til saman dekkjer heile overflata på riggen. Det betyr at nokre gonger må eit løft gå frå ei kran til ei anna for å komme fram til riktig stad på dekk.

Boretårnet ligg oppå stålbjelkar (beams) som blir brukte til skiddinga. Hydrauliske stempel skyv boretårnet langs stålbjelkane til den ønskte posisjonen der det skal drivast brønnaktivitet.

Under dekk i boremodulen finn du pumperom, tankar og tørrstofflager. Der er òg reinsesystemet for borevæska som kjem tilbake frå brønnen.

BOP-en blir lagra på BOP-dekk ved sida av under boretårnet. Fordi denne riggen står på bein under brønnoperasjonar, kan han ha BOP-en på overflata (tørr BOP). Når BOP-en skal brukast, blir han skidda inn i moonpoolen under boretårnet og kopla på stigerøyret som går til brønnen.

Tryggleik

Om det oppstår ein ukontrollert brønnsituasjon, er det ikkje mogleg å trekkje denne riggen til side for brønnen slik det går an med ein semi-sub. Det betyr at vi må følgje godt med og vere på vakt mot signal frå brønnen. Dersom brønnen er ustabil, stengjer vi ventilane i BOP-en.

Konstruksjonen på riggen

I denne videoen ser du korleis jackup-riggen blir bygd av modular som blir sette saman: Zentech Jackup Rig Design (youtube.com) (engelsk tale)


Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Børge Harestad og Sissel Paaske. Rettshavar: Cerpus AS
Sist fagleg oppdatert 31.08.2021

Læringsressursar

Offshore installasjonstyper