Hopp til innhald

Fagstoff

Priskalkyle i blomsterbransjen

Kor mykje bør produkta våre koste? Ein blomsterbutikk må kalkulere prisar som gjer at bedrifta kan drive lønnsamt. Prisen på blomsterarbeid skal dekke materiala og arbeidstida, men i tillegg må du rekne med faste utgifter som lønn til tilsette, husleige og straum.
Open bukett med zinnia, antirrhinum og prydgras, som ligg ute på ein gammal trestamme. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Priskalkyle

Prisen er det kunden betaler for eit produkt. For å berekne prisen kan vi bruke ulike prissetjingsmetodar. Det vil variere litt frå butikk til butikk kva metode som blir brukt. Under er eit døme på korleis du kan rekne ut pris på buketten på biletet ovanfor.

døme på priskalkyle

Beskriving

Tal

Innkjøpspris per stk. utan mva.

Påslagstal

Total utsalspris inkl. mva.

Antirrhinum majus

5

kr 8

4

kr 160

Zinnia

8

kr 7

4

kr 224

Prydgras

3

kr 4

4

kr 48

Staffasje

1

kr 36

2

kr 72

Mellomstikk

1

kr 40

2

kr 80

Sum produkt

kr 584

Arbeidspengar per time eller %

kr 50

Sluttsum produkt

kr 634

Nedanfor kan du laste ned utrekninga i eit rekneark.

Filer

Meirverdiavgift (mva.)

Meirverdiavgift (mva.) er ei avgift til staten på sal av produkt. I ein påslagskalkyle er meirverdiavgifta inkludert.

Påslagskalkyle

Ein av prissetjingsmetodane blir kalla kostnadsbasert, sidan vi kalkulerer utsalsprisen med utgangspunkt i kostnadene til produktet. Vi kan bruke ulike kalkylar ved kostnadsbasert prissetjing, ein av dei er påslagskalkylen.

I påslagskalkylen nyttar vi eit påslagstal, som er det talet du gongar innkjøpsprisen med for å berekne utsalspris inklusiv meirverdiavgift. I blomsterbransjen kallar vi ofte dette talet for kalkulasjonsfaktor.

Du kan til dømes kjøpe inn ein gerbera for 8 kroner. For at du skal få dekt inn dei faste kostnadene, og dessutan få ei forteneste, må prisen kunden betaler, vere høgare enn innkjøpspris. I blomsterbransjen bruker vi ofte eit påslagstal mellom 2,5 og 6.

Marknadspris

Nærbilete av ein rosa blomster. Foto.

Ein annan prissetjingsmetode er den marknadsbaserte, der vi i staden for å ta utgangspunkt i kostnadene, tek utgangspunkt i kva marknaden er villig til å betale.

Vi veit at marknadspris, altså den prisen som er vanleg å ta for gerbera, er 30 kroner. Innkjøpsprisen kan variere, gerbera vil til dømes nokre gonger berre koste 3 kroner. I dette tilfellet kan butikken velje å ha eit påslagstal på 10 og dermed tene meir på kvar blomster dei sel. Eller dei kan velje å ha ein kampanje der dei sel gerbera for 12 kroner.

Døme på prissetjing

Materiale

Innkjøpspris utan mva.

Påslagstal

Pris til kunde
inkl. mva.

Gerbera

kr 8

4

kr 32

Gerbera

kr 3

10

kr 30

Gerbera

kr 3

4

kr 12

Faste utgifter

Smilande dame bak blomsterdisk. Foto.

Faste utgifter i ein blomsterbutikk er til dømes husleige, straum, telefon og nett, emballasje, verktøy og utstyr. Lønn til dei tilsette er ei stor fast utgift. Det er viktig at påslagstalet er stort nok til å dekke faste utgifter.

Blomsterkrans. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Arbeidspengar

Det er vanleg å legge til arbeidspengar anten i form av timepris, prosentdel av materialkostnader eller å runde opp prisen.

Ulik praksis

  • Faste prisar for blomsterarbeid: Då kostar det til dømes 50 kroner for å binde opp ein bukett.

  • Timepris for blomsterarbeid: Vanlegvis vil vi rekne eit kvarter på å lage ein bukett, og med ein timepris på 300 kroner blir det då lagt til 75 kroner for arbeidet.

  • Prosenttillegg på materialkostnadene: til dømes 10 %.

  • Runde opp: Blomsterdekoratøren som lagar bukett direkte over disk til kunden, kan kunne runde opp sluttsummen til heile femti eller hundre kroner.

Døme på utrekning av arbeidspengar

Måte å rekne arbeidspengar på

Kalkulert pris på bukett
inkl. mva.

Arbeidspengar
inkl. mva.

Pris til kunde
inkl. mva.

Fast pris (kr 50)

kr 318

kr 50

kr 368

Timepris (300 kr per time). 15 min

kr 318

kr 75

kr 393

10 % av materialprisen

kr 318

kr 31,80

kr 349,80

Runde opp materialprisen til næraste heile femti

kr 318

kr 32

kr 350

Arbeidspengar for større arrangement, sorgbinderi eller bryllaupsbinderi

Det er vanleg å legge til meir arbeidspengar for meir tidkrevjande arbeid. I sorgbinderi er det vanleg å legge til 20 % arbeidspengar. I bryllaupsbinderi blir det gjerne rekna timepris, eller ein bruker ein fast startpris som dekker kundemøte og planlegging.

I større oppdrag for dekor til storhendingar som prisutdelingar, markeringar og jubileum er det gjerne fleire steg i designprosessen. Det kan vere skisser til kunde, utprøvingar, produksjon av større konstruksjonar og montering av sjølve arbeidet. Då er det vanleg å bruke timepris.

Brud som ser på blomsterbuketten sin. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Relatert innhald


CC BY-SASkrive av Hanne Merethe Riskedal Staurland.
Sist fagleg oppdatert 23.11.2021

Læringsressursar

Priskalkulering og anbod