Hopp til innhald

Fagstoff

Hygienetiltak i helse- og omsorgstenesta

Nosokomiale infeksjonar (sjukehusinfeksjonar) påfører pasientane unødige smerter og lidingar. I tillegg fører infeksjonane til auka kostnader for samfunnet på grunn av fleire liggjedøgn, meir behandling og auka sjukefråvær.

Nosokomiale infeksjonar

Ein nosokomial infeksjon (sjukehusinfeksjon) er ein infeksjon som oppstår under eller etter og som følgje av opphald i sjukehus eller annan helseinstitusjon.

Først og fremst er det pasientane som blir påførte infeksjonar gjennom pleie, undersøking og behandling, men òg vi som er helsepersonell, kan få infeksjonar som følgje av arbeidet vårt.

Dei vanlegaste sjukehusinfeksjonane er urinvegsinfeksjonar, sårinfeksjonar, nedre luftvegsinfeksjonar og infeksjonar i blodsystemet (sepsis). Infeksjonar med MRSA (antibiotikaresistente gule stafylokokkar) er òg eit aukande problem.

Infeksjonskontrollprogram

Fem til ti prosent av alle pasientar i helsetenesta får ein nosokomial infeksjon. Undersøkingar viser at vi kan redusere førekomsten av infeksjonar med opptil 30 prosent ved å ha gode rutinar og nok og riktig personell. Det kan vi sikre gjennom eit velfungerande infeksjonskontrollprogram.

Forskrift om smittevern i helsetenesta, som du kan finne i relatert innhald, pålegg alle helseinstitusjonar å ha eit infeksjonskontrollprogram. Forskrifta tilrår òg at helseinstitusjonane har nok helsearbeidarar med smittevernkompetanse (hygienesjukepleiarar og smittevernlegar).

Infeksjonskontrollprogrammet skal innehalde to hovudelement:

  • infeksjonsovervaking
  • infeksjonsførebygging

Infeksjonsovervaking handlar om å registrere infeksjonar, analysere utbrot og rapportere dei. Dette blir gjort gjennom analysar av laboratorieprøver og registrering av talet på infeksjonar på eit gitt tidspunkt (prevalensundersøkingar).

Med infeksjonsførebygging meiner vi alle tiltak som har som mål å redusere risikoen for nosokomiale infeksjonar. Det omfattar skriftlege prosedyrar knytte til undersøking, behandling og pleie. Dei skal mellom anna omfatte førebygging av urinvegsinfeksjonar, sårinfeksjonar, luftvegsinfeksjonar og infeksjonar i blodsystemet. Retningslinjer for handhygiene, arbeidsantrekk, reingjering, desinfeksjon og så vidare er ein del av desse prosedyrane.

Utfordringar til deg

  1. Korleis kan hygienetiltak førebyggje unødig liding for pasientane og redusere kostnader for samfunnet?

  2. Kva er det viktigaste tiltaket for å førebyggje sjukehusinfeksjonar?

  3. Kvar kan du finne ut kva hygienetiltak som gjeld på praksisstaden din?

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Jørn Stordalen og Vigdis Haugan.
Sist fagleg oppdatert 12.04.2021

Læringsressursar

Hygiene og smittevern