Hopp til innhald

Fagstoff

Helse, miljø og sikkerheit (HMS) i helsevesenet

HMS omfattar mange lover, reglar og tiltak som skal førebyggje skadar, auke trivselen og sikre eit sunt arbeidsmiljø. I denne filmen kan du sjå korleis personalet ved Silurveien sjukeheim i Oslo er bevisste på korleis HMS spelar inn i kvardagen deira.


Helse, miljø og tryggleik (HMS) er eit fellesnamn for alt arbeid som har å gjere med dei fysiske og psykiske tilhøva på ein arbeidsplass. HMS-arbeid handlar om å verne om helsa til medarbeidarane, tryggje arbeidsmiljøet, sjå til at kvar einskild blir sett og får utvikle kompetansen sin, og om å leggje tilhøva godt til rette for brukarane.

CC BY-NC-SARettshavar: Terranova Media
Sist fagleg oppdatert 10.02.2020

Læringsressursar

HMS og internkontroll