Hopp til innhald

Fagstoff

Programmeringsspråk

For moderne PLS-ar er det vanleg å bruke ein PC med spesielt tilpassa programvare for programmering. Dei vanlegaste programmeringsmetodane er ladderdiagram og funksjonsblokkdiagram.
Programmeringsspråk. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Gjennom åra har det skjedd ei viss form for standardisering av måten ein programmerer PLS-ane på, på tvers av leverandørane. Her kan du lese om den internasjonale norma for programmering av PLS, som heiter IEC 61131-3. Dei fleste større PLS-leverandørar har no tilpassa produkta sine til denne norma i større eller mindre grad.

IEC 61131-3 beskriv fem hovudprinsipp eller «måtar» å programmere ein PLS på.

Dei mest brukte metodane er ladderdiagram og funksjonsblokkdiagram.

Ladderdiagram (LD)

Dette er ein programmeringsmåte som byggjer på bruken av relélogikk. For dei som har bakgrunn frå oppkopling og bruk av relé og kontaktorlogikk, vil ladderdiagram kanskje vere den enklaste måten å komme inn i og ta i bruk ein PLS på.

Ladderprogrammering er nok den mest vanlege måten å programmere PLS-ar på, i alle fall for etter måten enkle bruksmåtar.

Funksjonsblokkdiagram (FDB)

Denne programmeringsmåten byggjer i stor grad vidare på dei prinsippa som blir nytta innanfor digital elektronikk. For den som er van med å arbeide med digital elektronikk, vil funksjonsblokkdiagram vere ein særs enkel og grei måte å programmere ein PLS på.

CC BY-SASkrive av Steinar Olsen.
Sist fagleg oppdatert 06.03.2017

Læringsressursar

Programmerbar logisk styring (PLS)