Hopp til innhald

Fagstoff

Energiøkonomisering

Enøk er kort for energiøkonomisering. Interessa for enøkarbeid skaut i vêret etter oljekrisa i 1973–1974. Då blei oljeprisen på kort tid firedobla og steig seinare endå meir. Sidan den tida har arbeidet med enøk halde fram.

I 1980 starta det dåverande Olje- og energidepartementet enøkkampanjen sin. Det blei etablert gunstige låneordningar til enøktiltak både for industrien og for private. Desse blei derimot fjerna i 1993. Trass i dette voks enøkarbeidet vidare. I 2001 blei statsføretaket Enova oppretta, og sidan då er det Enova som har prioritert dei nasjonale enøkmidlane.

Det finst mange tiltak vi kan bruke for å energiøkonomisere ein bustad. Nokre tiltak har lita eller inga investeringsutgift, mens andre tiltak krev større investeringar.

Tiltak som ikkje krev investeringar

  • slå av lyset når du går ut av eit rom
  • senke innetemperaturen med nokre gradar
  • ikkje la vindauge stå i luftestilling i fleire timar
  • fylle oppvaskmaskina og vaskemaskina før du set dei i gang
  • bruke dusj i staden for badekar
  • stille ned termostaten på varmtvasstanken til 65 gradar

Tiltak som krev litt investering, men som er enkle

  • byte til sparedusj
  • byte til LED-lys
  • setje tetningslister i ytterdører og vindauge
  • bruke termostatstyring på oppvarminga

Større elektriske og ikkje-elektriske tiltak

  • etterisolere veggar, tak og golv
  • montere godt isolerte ytterdører
  • bruke varmepumpe
  • installere system for byggautomatisering og smarthus

I slutten av dette temaet skal vi sjå litt på miljøkonsekvensane ved slike investeringar og litt på korleis vi i framtida skal løyse utfordringane vi har i samband med elektrisk energi (økonomisk, lokalt og globalt).

CC BY-SASkrive av Steinar Olsen og Haldor Hove.
Sist fagleg oppdatert 10.09.2020

Læringsressursar

Enøk