Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Dreieretningsvendar – praktisk oppgåve

I denne oppgåva skal du planleggje og utføre ein installasjon av motorstyring med dreieretningsvendar. Tenk deg at du er ein tavlemontør som også skal montere anlegget hos kunden.

Læringsmål

I dette praktiske oppdraget skal du lære om dreieretningsvendaren. Du har no fått ein del kjennskap til dei ulike komponentane som blir nytta i ei trefasa motorstyring. I dette anlegget skal det vere moglegheit for å endre dreieretninga på ein asynkron kortslutningsmotor.

Du har òg kjennskap til dei ulike teikningane som blir nytta til eit slikt anlegg. Nytt teikningar du har tilgjengeleg i planleggingsfasen, eller teikn desse på nytt for å få mest mogleg læringsutbytte.

Du skal òg ta omsyn til HMS i heile denne praktiske oppgåva. Noter ned nokre faktorar som er viktige i denne prosessen, og fyll på med fleire faktorar undervegs.

Du skal òg gjere nokre vurderingar når du set anlegget i drift, samen med nokre målingar som skal utførast på eit slikt motoranlegg.

Les gjennom heile prosessen før du startar. Dersom noko er uklart, er det viktig at du får klarlagt dette før du startar arbeidet.

Skildring av prosessen

Del 1: Førebuing

Samle dei ulike skjemaa som høyrer til eit slikt anlegg. Sjekk om det må gjerast nokon korrigeringer.

Lag ei materialliste over dei komponentane som du skal ha for heile anlegget. Inkluder kablar og koplingsskap i denne lista. Her er det viktig at du òg tenkjer på kor mykje kabel du skal ha.

Kva slags verktøy treng du for å utføre jobben, og korleis er det med verneutstyr? Gjer naudsynte vurderingar.

Samle saman alt du treng av materiell, verktøy og verneutstyr. Du gjer òg lurt i å ha med søppelsekk for å halde det ryddig rundt deg mens du jobbar, då sparer du deg òg for oppryddingsarbeid seinare.

Del 2: Montering

Plassér dei ulike komponentane i skapet. Sørg for at dei er monterte godt fast. Merk dei ulike komponentane med riktig namn. Montér kabelføringar der det skal trekkjast kablar mellom dei ulike komponentane.

Montér komponentane i styringspanelet og sørg for kabelføring til desse. Her skal det koplast via rekkjeklemmar. Vêr medviten om kva som skal stå til venstre og høgre, og på fargar på lamper og brytarar. Plasser merking/skilt på riktig stad i panelet. Dette gjeld både framside og bakside.

Gjer ei vurdering av om alt er klart for kopling. Ta med ein markeringstusj for å merke av på arket etter kvart som du koplar.

Del 3: Kopling på tavleverkstad

1. Kopling av hovudstraum

Hovudstraumskjema dreieretningsvendar. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

2. Kopling av styrestraum

Styrestraum. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge
Måling og testkøyring

1. Sjå over alle koplingar.

2. Kontrollmål anlegget ditt.

3. Utfør sluttkontroll.

4. Testkøyr anlegget.

CC BY-SASkrive av Dag Olav Lereim og Bjørnar Mortensen Vik.
Sist fagleg oppdatert 17.07.2020

Læringsressursar

Dreieretningsvendar