Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Ergonomi i skulen

Som barne- og ungdomsarbeidar bør du hjelpe barna med å finne sittestillingar som tek vare på helsa deira. Barn sit mange timar på skulen. Då er det viktig at stolar og bord kan bli tilpassa til den enkelte, elles kan barna få vondt i ryggen og nakken.

Oppgåver til filmen Sitjestillinga til elevar

  1. Kor vanleg er det at barn er til behandling for nakke-, skulder- og hovudplager?
  2. Kva kan årsakene til slike plager vere?
  3. Kva har måten klasserommet er innreidd på, å seie for helsa til barn?
  4. Korleis bør barn sitje på skulen?
  5. Kva betyding har fysisk aktivitet for helsa?
  6. Kva er problemet med å sitje statisk over lang tid?
  7. Kva kan konsekvensane av slike plager bli?
  8. Kva er samanhengen mellom konsentrasjon, læring og ergonomi?
  9. Kor mykje bør barn og vaksne røre seg kvar dag?

Oppgåver til filmen Å ta vare på skjelettet

  1. Kvifor er det viktig å trene heile livet?
  2. Kva er spesielt med trening av skjelettet?
  3. Korleis kan barn vere aktive?
  4. Kva øvingar er bra for skjelettet?
CC BY-SASkrive av Guri Bente Hårberg og Gro Nedberg Grønlid.
Sist fagleg oppdatert 19.10.2020

Læringsressursar

Ergonomi