Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Å vere helten i sitt eige liv

Å vere heilt i sitt eige liv handlar om at vi må møte menneske på ein slik måte at dei opplever seg sjølve som verdifulle, får tru på seg sjølve og si eiga meistring og blir i stand til å ta kloke val.

Tryggleik og tilhøyrsel

20 år gamle Said har hatt ein tøff oppvekst. I ungdommen sleit han med store personlege problem, og han løyste dei ved å vanke saman med andre i tilsvarande situasjon. Saman rusa dei seg og levde på sida av samfunnet.

Konsekvensane kunne ha vorte fatale dersom Said ikkje hadde komme i kontakt med nokon som kunne hjelpe og støtte han inn på eit nytt spor. Ein barne- og ungdomsarbeidar som jobbar med ungdom, kan vere ein slik person for andre – ein rollemodell, rettleiar og brubyggar på ungdommen sine eigne arenaer.

Å skape tryggleik og tilhøyrsel er eit førebyggande tiltak som har vist seg å fungere med tanke på å hindre kriminalitet. Når barn og unge opplever seg som verdifulle, blir stadfesta og får positiv merksemd både heimanfrå, i barnehage, på skule og på SFO, kan det bidra positivt til å forhindre kriminalitet.

Jobb gjerne saman med ein medelev eller i ei gruppe med oppgåvene under.

Gode relasjonar

  1. Ein grunnleggande føresetnad når du skal hjelpe og støtte barn og unge, er at dei opplever at dei er trygge, og at dei har moglegheit til å delta og uttrykkje seg på sine premissar. Dei som skal hjelpe barn og unge, må ta dei på alvor og møte dei med respekt, interesse og omsorg.

    • Korleis kan vi skape gode oppvekstmiljø der barn og unge opplever tilhøyrsel og opplever seg sjølve som verdifulle? Forklar, gi døme, og grunngi.

    • Korleis kan oppvekstmiljøet bidra til å førebygge kriminalitet? Forklar, gi døme, og grunngi.

    • Kva betyding har oppvekstmiljøet for barn og unge si sjølvkjensle og måten dei opplever seg sjølve på? Forklar, og gi døme.

    • Korleis kan du skape gode relasjonar til barn og unge slik at dei kjenner seg verdifulle akkurat slik dei er? Gi døme, og grunngi.

  2. Kva konsekvensar kan dårlege relasjonar mellom vaksne og barn og mellom barn føre til? Forklar, gi døme, og grunngi.

  3. Diskuter den følgjande utsegna: Relasjonsbygging handlar om å stå i det og vere tilgjengeleg. Vi må halde ut, endringar skjer ikkje over natta, det tek lang tid.

  4. Kva er ein omsorgsfull relasjon? Beskriv kva du som barne- og ungdomsarbeidar bør gjere for å skape ein omsorgsfull relasjon.

  5. Skriv ein kort tekst om ungdom og kriminalitetsførebyggande arbeid med denne overskrifta: "Det viktigaste er å bli sett og lytta til av nokon som ikkje dømmer".

Åtferdsproblem

  1. Åtferdsproblem, som problem med å regulere sinne eller å leve etter normer og reglar på skulen og heime, kan vere ein risikofaktor for utvikling av meir alvorlege åtferdsproblem som omfattar lovbrot. Veldig mange barn med slike problem har vanskelege liv, og åtferdsproblema er ofte eit uttrykk for dette.

    • Korleis kan de finne ut om åtferdsproblema er eit uttrykk for at barn og unge har eit vanskeleg liv?

    • Kvifor er det så viktig å sjå barnet eller ungdommen bak åtferda?

    • Korleis kan de på best mogleg måte hjelpe og støtte barn og unge med åtferdsproblem? Forklar, gi døme, og grunngi.

  2. I ein rapport frå Folkehelseinstituttet frå 2020 er konklusjonen mellom anna at foreldreretta tiltak er meir effektive enn andre tiltak for å redusere åtferdsproblem hos barn. Dette gjeld i særleg grad tiltak som fokuserer på foreldra sine ferdigheiter i å stadfeste og rose barnet, gi spesifikk positiv merksemd og ha klare rammer som gir tryggleik.

    • Kvifor er stadfesting, ros, merksemd og det å ha klare rammer som gir tryggleik, med på å førebygge åtferdsproblem hos barn og unge?

    • Sjå for deg eit barn eller ein ungdom med åtferdsproblem som impulsivitet, trass, aggresjon, vald og opposisjon. Dette skaper problem for barnet eller ungdommen sjølv og kan òg ramme andre. Korleis møter du dette barnet eller denne ungdommen? Forklar, bruk døme, og grunngi.

    • Korleis kan du bidra dersom du oppdagar at barn og unge ikkje har det bra i heimemiljøet sitt?

  3. Det finst ulike program som kan vere til hjelp i arbeidet med å støtte og hjelpe barn og unge med åtferdsproblem. Døme er PALS (Positiv åtferd, støttande læringsmiljø og samhandling), DUÅ (Dei utrulege åra) og Olweus-programmet, som er eit universelt tiltak for å førebyggje mobbing og anna antisosial åtferd i grunnskulen.

    Vel eit av programma. Finn ut kva tiltak det har, og korleis vaksne bør opptre for å hjelpe og støtte barn og unge med åtferdsproblem. Legg fram resultatet for resten av klassen.

Konfliktrådet

Konfliktrådet er ei offentleg teneste som jobbar for eit betre og tryggare samfunn gjennom mekling i konfliktar, oppfølging av ungdom og anna kriminalitetsførebyggande arbeid.

  1. Finn nettsida til konfliktrådet. Lag ei liste over korleis konfliktrådet jobbar med unge som har gjort seg skuldige i lovbrot.

  2. Drøft kva tiltak de meiner kan bidra til å førebyggje kriminalitet.

Kjelde

Folkehelseinstituttet (2020). Barn, unge og kriminalitet. Hvordan forhindre at barn og unge kommer inn i eller fortsetter med en kriminell løpebane? Oppsummering og vurdering av virksomme tiltak, behandling og organisering. Rapport. https://www.fhi.no/contentassets/9edd82a6bff54e488870e612131bb242/barn-unge-og-kriminalitet-2020.pdf

CC BY-SASkrive av Siv Stai. Rettshavar: Terranova Media
Sist fagleg oppdatert 20.02.2023

Læringsressursar

Oppvekstmiljø i Norge i dag