Hopp til innhald

Fagstoff

Samiske barnehagar

I samiske barnehagar er føremålet å styrkje den samiske identiteten til barna i eit miljø med samisk språk og kultur. Barnehagen skal styrast av samiskspråkleg personale.

Samisk innhald i kvardagen til barn og unge

Barn og unge i barnehage og på skule/SFO skal lære om samisk kultur og identitet, slik at dei får kompetanse om urfolk i Noreg. Når barn får ei forståing av samiske identitetar, kan det òg bidra til auka forståing og utforsking av identitet for alle barn og unge. Å lære å akseptere ulike identitetar og sjå at vi er ulike, gjer oss betre i stand til å delta i eit inkluderande og mangfaldig samfunn.

Samisk barnehage i Oslo

Filmen viser klipp frå ein samisk barnehage i Oslo. Her fortel fagleg leiar for dei samiske barnehagane kva det betyr for samiske barn å få gå i samisk barnehage i Oslo. Vi får òg sjå litt av kva barna gjer på mens dei er i barnehagen.

Utfordringar til deg

  1. Kva er duodji?

  2. Kva er joik?

  3. Kvifor er det viktig å ta vare på og bli kjend med samiske tradisjonar?

  4. Korleis kan barnehagen bidra til å styrkje den samiske identiteten til barna?

  5. Kva for nokre samiske barnehage- og skuletilbod kjenner du til?

Relatert innhald

CC BY-NC-SASkrive av Siv Stai. Rettshavar: Terranova Media
Sist fagleg oppdatert 14.05.2021

Læringsressursar

Kultur og religion