Juniorklubben skal kjøpe inn nye spel, og barna har fått komme med ønske. To av spela som skaper diskusjon blant dei tilsette, er Risk og Monopol.
Kristin meiner at dei skal lytte til ønska barna har, og at dei skal kjøpe inn desse spela.
Miranda er helt ueinig. Ho meiner at spela representerer haldningar og verdiar som ho ikkje liker, som krig og pengekamp. Dessutan synest ho at spela er altfor langvarige.
Set av litt tid til å spele dei to spela.
- Kva meiner du? Bør juniorklubben kjøpe inn desse spela?
- Lag ei liste over spel du ville ha kjøpt inn til ein juniorklubb. Du bør ha spelt spela før du anbefaler dei.
CC BY-SASkrive av Guri Bente Hårberg og Gro Nedberg Grønlid.
Sist fagleg oppdatert 11.01.2019