Hopp til innhald

Fagstoff

Filing

Filing er den eldste avsponingsmetoden vi kjenner til. I industrien i dag blir filing brukt i mindre grad, då maskinelt utstyr har teke over for det arbeidet ein tidlegare nytta fil til.
Handfiler for børsemakarar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

I mange situasjonar er filing eit aktuelt verktøy. For å nytte ei fil skal vi ha trykk på fila når vi fører ho framover, og avlaste trykket når ho blir ført tilbake.

Filene blir delte inn etter form og storleik og har namn etter fasong på fila. Ei enkelthoggen fil blir nytta til finfiling, og ei dobbelhoggen til grovfiling. Dei fleste filene blir leverte i tre ulike variantar ut frå kor grove dei er:
grov - middels - fin.

CC BY-SASkrive av Industriskolen.
Sist fagleg oppdatert 19.11.2018

Læringsressursar

Filing og saging