Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Forsøk: Kvar er du mest følsam?

I dette forsøket skal du teste kor følsam huda di er, ved å registrere korleis du opplever ulike former for berøring.
Ein utbretta binders rører ved ein underarm. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Føremål

I dette forsøket skal du utforske berøringssansen og lære korleis organiseringa av sansereseptorane og koplinga til nervefibrane påverkar måten du opplever berøring på.

Bakgrunnsteori

Hud med nerveceller som blir utsette for berøring/trykk. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

I huda har vi spesielle reseptorar for stimuli som trykk, vibrasjon og berøring. Desse kallar vi mekanoreseptorar. Berøring blir oppfatta ved hjelp av reseptorar som vi kallar merkelskiver. Nervefibrar fører informasjon frå reseptorane i huda til hjernen.

På nokre område av huda tek ein nervefiber imot informasjon frå eit stort område med reseptorar. På andre område tek nervefiberen imot informasjon frå eit lite område med reseptorar – til dømes på fingertuppen, der vi er svært følsame. Desse områda kan variere frå 1 mm2 til 200 mm2. Det er også forskjell på kor stor avstand det er mellom reseptorane på ulike område av huda.

Tenk gjennom

  • Kan du seie noko om følsamheita i huda der reseptorane står tett og ein nervefiber "betener" eit lite areal?

  • Kan du gi eit døme på eit slikt område?

Hypotese

Kor stor avstand trur du det må vere mellom binders-endane for at du skal kjenne to berøringar på overarmen, underarmen og andre stader på kroppen? Skriv ned dei ulike måla.

Framgangsmåte

  1. Gå saman med ein medelev.

  2. Bøy bindersen til han får ein U-fasong og endane er 1–2 cm frå kvarandre.

  3. Den eine av dykk, forsøkspersonen, skal sitje stille med lukka auge.

  4. Den andre skal bruke bindersen til å røre ved overarmen til forsøkspersonen med den eine eller begge endane. Berøringa skal vere varsam. Når begge endane blir brukte, må dei setjast ned samtidig med likt trykk.

  5. Start med endane relativt langt frå kvarandre (1–2 cm), og flytt endane gradvis mot kvarandre. Kjenner forsøkspersonen eitt eller to berøringspunkt?

  6. Byt på å bruke den eine eller begge endane på bindersen for å kontrollere at forsøkspersonen kan skilje mellom eitt og to berøringspunkt.

  7. Når avstanden mellom endane har blitt så liten at forsøkspersonen ikkje med sikkerheit kan seie om ho/han blir rørt ved på eitt eller to punkt, måler du avstanden mellom endane på bindersen og noterer han i ein tabell.

  8. Gjenta forsøket på fleire område av huda: undersida av underarmen, oversida av handa, fingertuppen, nakken og leppene. Kvar er huda mest følsam?

  9. Byt roller, og gjenta forsøket.

Resultat

Noter resultata i eit rekneark med namn på området du testar, og lag ei grafisk framstilling som viser grad av følsamheit.

Til venstre: tabell. Til høgre: grafisk framstilling. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Spørsmål

  1. Stemde hypotesen din?

  2. Kvar finn du størst følsamheit, og kvar finn du minst følsamheit? Kvifor er det slik?

  3. Kva trur du er årsaka til at ulike kroppsdelar har så ulik følsamheit?

  4. Prøv å forklare resultatet av forsøket.

  5. Kva feilkjelder kan det vere i dette forsøket?

  6. Forklar korleis berøringssansen fungerer – frå eit stimuli møter ei sansecelle, til signalet blir tolka som ei berøring.

  7. I kva situasjonar er denne sansen nyttig?

  8. Har alle organismar berøringssans?

Vidare arbeid

  1. Samle resultata til alle gruppene, og lag ei ny grafisk framstilling som inneheld resultata til heile klassen.
    Kva kan du oppnå ved å samle resultat frå mange?

  2. Teikn to firkantar på 1 mm2 og 200 mm2. Teikn like mange prikkar i kvar av dei to firkantane, og forklar kva denne teikninga skal illustrere.

  3. Test følsamheita med andre gjenstandar, til dømes ei fjør eller ein finger. Gir desse andre resultat enn bindersen?

Kjelde

Sandberg, C. & Grønlien H. (2014, 20. juni). Øvelser i sansefysiologi. Biologisk institutt – Institutt for molekylær biovitenskap.

Relatert innhald

Utan sansane ville ikkje nervesystemet ha vore i stand til å styre kroppen og kroppsfunksjonane, og ingen informasjon ville vorte lagra i minnet.

CC BY-SASkrive av Cato Tandberg, Heidi Grønlien og Kristin Bøhle.
Sist fagleg oppdatert 18.05.2022

Læringsressursar

Sansane