Hopp til innhald

Fagstoff

Feromon som lokkar og skremmer

Feromon er "duftstoff" – kjemiske signal som verkar mellom individ av same dyreart og er viktige for kommunikasjon mellom individ og i grupper. Signala kan både skremme, åtvare, vise veg og lokke. Det snedige er at feromona verkar sjølv om mottakaren ikkje registrerer dufta bevisst.
Ei gaupe står med bakenden mot ein trestamme. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Feromon – kjemiske signal til artsfrendar

Feromon (ektohormon) er organiske molekyl som dyr skil ut til omgivnadene. Feromon finst i urin, sveitte og andre kroppsvæsker, men blir òg skilde ut frå spesielle kjertlar hos mange dyr. Feromona verkar på andre individ av same art. Desse duftstoffa kan spreiast over store avstandar og er effektive sjølv når dei er svært fortynna.

Fire moglege vegar mellom maurtue og matkjelde. Maurane set av duftstoff (feromon) og finn den raskaste ruta. Illustrasjon.

Feromona verkar direkte på nervesystemet til mottakaren, ofte på spesifikke reseptorar. Det gir ein umiddelbar reaksjon sjølv om mottakaren ikkje oppfattar lukta og signalet bevisst.

Ein maurkoloni kan til dømes bruke feromon til å markere den beste ruta til ei matkjelde, slik illustrasjonen viser.

Desse stoffa speler ei viktig rolle i kommunikasjonen mellom individ i ei dyregruppe, spesielt når det gjeld kommunikasjon som har med kjønn å gjere.

  • Utan feromona ville elgoksar hatt vanskeleg for å finne paringsklare elgkyr.

  • Hannhundar kjem iblant langvegsfrå for å oppsøkje tisper med løpetid.

  • Bjørn, ulv, gaupe og hjort er døme på territorielle dyr som forsvarer reviret sitt ved å setje av duftmerke for å skremme vekk rivalar.

Raud bille som har lange antenner med forgreiningar og sit på eit grønt blad. Foto.
  • Hos sosiale insekt som veps, bier, maur og termittar speler feromon ei fundamental rolle i det sosiale hierarkiet mellom dronning, dronar, arbeidarar og forsvarsindivid.

  • Insekthannar er ofte utstyrte med velutvikla fjørantenner som har mange tusen sansehår med luktereseptorar. Føremålet med dei er å kjenne igjen dei feromona ei hoe sender ut.

Evolusjonsmessig tilpassing

Flugeblomen er ein orkidé som etterliknar ein graveveps. Foto.

Flugeblomen utnyttar feromon til eigen fordel, og det skjer på ein finurleg måte. Flugeblomen er ein orkidé, men har ingen nektar som han kan freiste pollinerande artar med. I staden etterliknar han utsjånaden og feromona til ho-gravevepsen. Sidan hannvepsane blir klekte før hoene, vil dufta frå blomsteren lokke til seg paringslystne hannar, som dermed pollinerer ivrig inntil hoene med den perfekte dufta blir klekte.

Finn ut

Menneske skil òg ut feromon. Kan du kome på eller finne opplysningar om situasjonar der dette har betydning?

Feromona til enkelte insekt har blitt utnytta til å stoppe insektangrep. Kan du finne døme på dette?

Kjelder

Atferdsbiologi. (2021, 20. oktober). I Botanisk og plantefysiologisk leksikon. Henta 4. januar 2022 frå https://www.mn.uio.no/ibv/tjenester/kunnskap/plantefys/leksikon/a/atferdsbiologi.html

Endokrinologi. (2020, 7. mai). I Botanisk og plantefysiologisk leksikon. Henta 4. januar 2022 frå https://www.mn.uio.no/ibv/tjenester/kunnskap/plantefys/leksikon/e/endokrinologi.html

Hauge, A. (2021, 30. november). Feromon. I Store medisinske leksikon. Henta 4. januar 2022 frå https://sml.snl.no/feromon

Winther, F. Ø. (2021, 5. mai). Luktesans. I Store medisinske leksikon. Henta 4. januar 2022 frå https://snl.no/luktesans

CC BY-SASkrive av Kristin Bøhle.
Sist fagleg oppdatert 04.01.2022

Læringsressursar

Hormonsystemet