Hopp til innhald

Fagstoff

Korleis fremje sosial kompetanse?

Sosial kompetanse, evna til å omgåast andre, kan lærast og utviklast gjennom sosialt samspel. Ein vaksen som har ein god relasjon til barna kan rettleie og støtte barna i denne utviklinga.
Tre smilande barn sit på eit skateboard. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Utvikling av sosial kompetanse

Sosial kompetanse består av ferdigheiter som gjer det mogleg å meistre ulike sosiale situasjonar. Det handlar om evna til å til å balansere mellom eigne og andre sine behov og finjustere åtferda si, noko som er viktig gjennom heile livet og i mange situasjonar: på skulen og på fritida, i sosiale aktivitetar, i familien, i parforholdet og i arbeidslivet. Sosial kompetanse er grunnlaget for læring og utvikling og kan førebyggje diskriminering og mobbing.

Vi utviklar sosiale ferdigheiter gradvis gjennom dei erfaringane vi gjer på arenaer der vi samhandlar med andre. I barnehagen, på skulen/SFO og på fritidsaktivitetar, eller berre ved å vere saman med familie og vener.

Barn lærer sosiale ferdigheiter gjennom observasjon, modellæring, øving og praktisering, instruksjonar, diskusjonar og samtalar, konkrete tilbakemeldingar og bekreftingar.

Samhandling med andre i kvardagslivet gir barna moglegheit til å praktisere og øve på sosiale ferdigheiter. I samhandlingssituasjonar får dei tilbakemeldingar på eigne ferdigheiter frå andre. Barna tolkar situasjonen og intensjonen til samhandlingspartnaren, dei nyttar eigne erfaringar eller forslag frå andre og vel kva forslag som vil fungere best ut ifrå situasjonen.

Gode relasjonar og modellar

Ein vaksen som skaper eit godt sosialt klima og omsorgsfulle relasjonar, kan støtte den sosiale utviklinga til barn og unge og vere ein god modell som barna kan observere, imitere og lære av.

Gode relasjonsferdigheiter inneber at den vaksne

  • er merksam, ser og forstår, anerkjenner og bekreftar barnet og kjenslene og behova barnet har

  • viser at han eller ho bryr seg om og liker barnet eller ungdommen

  • er til stades og hjelper barnet med å tolke og handle i ulike situasjonar, slik at barnet betre kan forstå eigne og andre sine kjensler, og korleis det kan handle i uklare situasjonar

  • viser barn og unge tillit, lèt dei få lov til å prøve og øve seg, lyttar til og respekterer meiningane deira

  • rettleiar, hjelper og støttar barn og unge og gir både instruksjonar, positive tilbakemeldingar og bekreftingar

  • er ein god rollemodell gjennom ein varm veremåte

  • set tydelege grenser og rettleiar barn og unge bort frå øydeleggjande og lite sosial åtferd

  • brukar ros for å forsterke positiv åtferd og styrkje sjølvbiletet til barnet

Trygge, varme og gode relasjonar vil bidra til at barn og unge utviklar ferdigheiter som er nødvendige for å omgåast andre. Dei lærer å byggje relasjonar og halde ved like positiv kontakt med andre, noko som vil ha ein positiv innverknad på sjølvkjensla, sjølvtilliten og helsa deira.

To gutter i tiårsalderen holder rundt hverandre og smiler. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Støtt den sosiale ferdigheitstreninga til barnet

Vaksne som bidreg med positive tilbakemeldingar på den sosiale meistringa til barnet, vil hjelpe barnet med å styrkje tiltrua til seg sjølv og eiga meistringsevne. Når du aktivt anerkjenner barnet og forsterkar positive åtferd gjennom ros og oppmuntring, vil det styrkje kapasiteten barnet har til å samhandle med andre på ein positiv måte.

Som barne- og ungdomsarbeidar må du instruere og rettleie barna til å bry seg om andre, til å ta omsyn og til å gjere gode gjerningar. Då er det viktig å vise forståing for reaksjonane til barnet i ulike situasjonar. Lytt til det barnet fortel deg gjennom ord og kropp. Bruk den informasjonane du får til å støtte barnet i samhandling med andre.

Unngå å kritisere og neglisjere barnet

Dersom vi møter den uheldige åtferda til barnet med kritikk, sarkasme eller neglisjering vil vi forsterke nederlagskjensla til barnet. Då kan vi risikere at vi svekkjer moglegheita barnet har til å utvikle sosiale ferdigheiter, og barnet kan miste tillit til seg sjølv og andre menneske. Dersom eit barn som strevar med samspelet møter denne typen reaksjonar, kan det få store konsekvensar for trivselen og utviklinga til barnet.

Slike veremåtar mot barn må endrast dersom vi skal vere i stand til å hjelpe barnet. Som barne- og ungdomsarbeidarar må vi heile tida diskutere synet vi har på barn, slik at vi har moglegheit til å endre haldningar som ikkje er til deira beste.

Barn og unge som har vanskar med å regulere kjenslene sine, kan streve med relasjonar til jamaldra. Dei vil trenge mykje støtte og hjelp frå vaksne i den emosjonelle utviklinga si. Vaksne kan hjelpe barnet med å tolke og setje ord på kjenslene og opplevingane, slik at det blir i stand til å kjenne igjen eigne og andre sine kjensler og kva det er som utløyser desse kjenslene.

Aktivitetar som opnar for refleksjon saman med barna

Éin måte å gjere dette på, er å ta i bruk aktivitetar (tilpassa alderen og utviklinga til barnet) som gir barna moglegheit til å reflektere over eigne og andre sine handlingar.

Til dømes kan det vere ein idé å invitere barna til samtalar om ulike sosiale situasjonar. Saman med barna kan vi då undre oss og snakke om kva som kan vere gode val. Det gir barna moglegheit til å setje ord på tankar og kjensler, og til å reflektere over sosial åtferd. I slike samtalar får òg barna øvd seg på å ta ordet og seie høgt kva dei meiner, og på å lytte til andre og sjå ei sak frå fleire sider.

I slike samtalar kan det vere lurt å bruke ulike bilete, biletbøker, eventyr, forteljingar og rim og regler som utgangspunkt. Bilete og litteratur hjelper ofte barna med å leve seg inn i andre sin situasjon.

Å lage rollespel og la barna få spele ulike roller i eventyr og forteljingar, bidreg til at barna sjølv kan få oppleve kjenslene til rollefigurane. Dette vil vere med å byggje opp dei empatiske evnene til barna.

Også det å synge og lytte til musikk saman eller uttrykkje kjensler gjennom ulike formingsaktivitetar, kan vere med på å utvikle empatien og den sosiale kompetansen til barn.

Utfordringar til deg

  1. Kvifor er det viktig med gode relasjonsferdigheiter hos dei vaksne for at dei skal kunne støtte utviklinga av sosiale ferdigheiter hos barn?

  2. Korleis kan du støtte utviklinga av den sosiale kompetansen til barn?

  3. Korleis kan du utvikle din eigen sosiale kompetanse?

  4. Kva betydning har den sosiale kompetansen din i arbeidet med barn og unge?

Relatert innhald

For å utøve god omsorg må haldningane og handlingane dine vere prega av at du vil gjere det godt for barn og unge.

Kjelder

Lofstad, M. (2017, 7. april). Slik gir du barnet sosiale ferdigheter. Utdanningsnytt. https://www.utdanningsnytt.no/fagartikkel/slik-gir-du-barnet-sosiale-ferdigheter/116582

Ogden, T. (2015). Sosial kompetanse og problematferd blant barn og unge. Gyldendal akademisk.

Utdanningsdirektoratet (2018, 8. mars). Barns trivsel – voksnes ansvar. https://www.udir.no/laring-og-trivsel/stottemateriell-til-rammeplanen/trivselsveileder/

CC BY-SASkrive av Siv Stai.
Sist fagleg oppdatert 20.05.2021

Læringsressursar

Sosial kompetanse og kulturkompetanse