Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Å vekse opp i samisk kultur

Samane er den folkegruppa som har budd lengst i Noreg, og dei blir derfor rekna som urfolk. I denne filmen får du eit innblikk i korleis oppveksten er for fire samiske brør.

Oppgåver

  1. I filmen ser vi nokre døme på samisk liv og kultur. Lag ei liste over dei ulike døma du kjende til frå før, og kva som eventuelt var nytt.

  2. Samane er eit urfolk. Kva blir meint med dette? Kva andre urfolk finst i verda i dag?

  3. I filmen seier dei at det har vore mange mytar om korleis det er å vekse opp i eit samisk miljø. Kva mytar kjenner du til? Kva trur du kan vere grunnen til at det oppstår slike mytar om kulturar?

  4. Samanlikn oppveksten din med oppveksten til dei fire brørne. Kva er likt, og kva er ulikt?

  5. Beskriv og gi nokre døme på den samiske kulturen.

  6. Finn ut meir om korleis samane har levd, og korleis dei har blitt behandla i Noreg. Korleis trur du det er å vere same i Noreg i dag?

  7. 6. februar er samanes nasjonaldag. Finn ut kvifor denne dagen blir markert, og korleis han blir markert og feira.

  8. Kva har oppvekstmiljø og kultur å seie for utvikling av identitet?

  9. Korleis vil du i arbeidet ditt synleggjere samisk kultur og bidra til at barn og unge kan utvikle respekt for det samiske mangfaldet? Forklar og gi døme.

  10. Lag ein quiz om samar og samisk kultur, og gjennomfør han i klassen.

Relatert innhald

Samisk kultur er ein del av norsk kultur, men òg ein eigen, mangfaldig kultur. Samane er éin av minoritetane i Noreg, men i ei særstilling som urfolk.

CC BY-SASkrive av Riborg Anna Ringereide og Siv Stai .
Sist fagleg oppdatert 12.05.2021

Læringsressursar

Samisk kultur