Hopp til innhald

Fagstoff

Kva er risikoanalyse?

I ein risiko- og sårbarheitsanalyse (ROS) ser vi på anteke sannsyn for og antekne konsekvensar av ulike hendingar. I dette arbeidet tek vi i bruk formelen sannsyn x konsekvens = risiko og går systematisk til verks for å avdekkje risiko.
Ein lastebåt ligg med slagside og har mykje last ombord. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Vi kan berekne risiko

Det er ingen fasit på desse spørsmåla – dei varierer både med bedrift og med type hending. Moglegheita til bedrifta for å dekkje all risiko med tiltak varierer òg. Somme har store økonomiske ressursar og høg kompetanse, andre manglar både pengar og ekspertar og må nøye seg med å dekkje det mest kritiske. Utover i denne delen skal du lære meir om ulike former for risiko, tiltak for å dempe risiko og risiko- og sårbarheitsanalyse.

Risiko- og sårbarheitsanalyse (ROS)

I ein risiko- og sårbarheitsanalyse kartlegg bedrifta ulike uønskte hendingar som kan skje. Somme kallar dette arbeidet, som ofte blir leia av sikkerheitsansvarlege, for «etterpåklokskap i forkant av ei uønskt hending». Samtidig er det viktig at den enkelte tilsette får vere med og vurdere sitt eige arbeidsfelt og sitt eige arbeidsmiljø. Den som utfører det daglege arbeidet, har ofte best innsikt i sannsynet for og konsekvensane av ulike hendingar i arbeidsoppgåvene sine. Det same prinsippet ligg til grunn for arbeidet med helse, miljø og sikkerheit (HMS) i den enkelte bedrifta. Om ein involverer dei som arbeider tettast på ein situasjon, vil dei tilsette kjenne eigarskap og ansvar.

Igangsetjing av risiko- og sårbarheitsanalysar

Når ei bedrift skal lage ein ROS-analyse for første gong, vil dei gjerne bruke dette arbeidet som utgangspunkt for å skape ein brei sikkerheitskultur hos eigarar, leiing, tilsette og samarbeidspartnarar.

Ei slik vektlegging av sikkerheit kom for alvor med utbygginga av olje- og gassindustrien på 1970- og 1980-talet. Mange norske bedrifter opplevde då at merksemda rundt sikkerheit blei dramatisk endra. Før den tida hadde landbruk, fiske, transport og store delar av industrien ein sikkerheitskultur som aksepterte langt høgare risiko enn det olje- og gassindustrien gjorde.

Oppfølging av risiko- og sårbarheitsanalysar

Hovudmålet med risiko- og sårbarheitsanalysar er å unngå uønskte hendingar. Om uhellet likevel skulle vere ute, er måten ein reagerer på, viktig. Olje- og gassindustrien har ein kultur der små og store hendingar blir granska for å avdekkje avvik, noko som kan forbetre sikkerheita i heile bransjen.

Når ei bedrift opplever uønskte hendingar, blir dei vurderte opp mot risiko- og sårbarheitsanalysen av bedrifta, beredskapsplanar og daglege rutinar. Ofte fører ei hending til nye eller justerte tiltak som skal sørgje for at det ikkje skjer på nytt.

Når vi opplever store ulykker, gjerne med tap av menneskeliv, blir desse vanlegvis granska for å finne årsaker og ansvar. Luftfarten og olje- og gassindustrien har lenge hatt eigne granskingskommisjonar for alvorlege ulykker. I dag har òg vegtrafikken ein tilsvarande granskingskommisjon som skal sørgje for at vi lærer mest mogleg av dei mest alvorlege ulykkene.

Luftfarten har lang tradisjon for å leggje stor vekt på sikkerheit. Om du til dømes arbeider i Norwegian som lærling i reiselivsfaget, kan du oppleve at ei fartsbot eller eit anna lovbrot på rullebladet ditt, kan hindre deg i å få sikkerheitsklarering for å arbeide på ein flyplass.

CC BY-SASkrive av Kyrre Romuld og Anki Olsen.
Sist fagleg oppdatert 31.03.2020

Læringsressursar

Risikovurdering