Hopp til innhald

Fagstoff

Lover og reglar for reiselivsbransjen

Det er ei rekkje lover og forskrifter som regulerer drift av reiselivsverksemder. Nokre er spesielle for reiselivsnæringa. I tillegg kjem lovverket generelt, som reiselivsverksemder òg må rette seg etter.
Breførar i Jotunheimen hjelper med utstyr. Tre personar står i kø for å få hjelp med blant anna klatretau. I bakgrunnen er det fjell. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Lovverket

Ønskjer du å drive ei reiselivsbedrift, er det viktig at du kjenner til lovverket. I tillegg til lover og forskrifter som gjeld spesielt for reiselivsnæringa, må du kjenne til dei lovene som gjeld generelt for drift av verksemder i Noreg.

Som reiselivsmedarbeidar treng du ikkje å kjenne til heile lovverket; det er det ingen som forventar. Men det er viktig at du set deg inn i dei viktigaste reglane som er relevante for arbeidsoppgåvene dine.

I denne artikkelen blir du kjend med nokre sentrale lover og forskrifter for reiselivsbransjen og viktige reglar i desse. Ei fullstendig oversikt over relevante lover og forskrifter finn du på nettsidene til NHO Reiseliv.

Lover og forskrifter for reiselivsverksemder

Røykjelova (tobakksskadelova)

Tobakksskadelova har føresegner som seier kvar det er forbode å røykje. Mange omtaler desse føresegnene som «røykjelova».

For hotell og overnattingsstader seier røykjelova at alle innandørs fellesareal skal vere røykfrie. Dette inkluderer òg hotellromma. Ein gjest som røykjer på rommet, risikerer å få bot.

Dei fleste hotell og overnattingsstader tilbyr eigne, tilrettelagde røykjeområde utandørs for gjestane. Lova krev at røykjeområda må vere slik at røyken ikkje siv ut til røykfrie område, og at det ikkje skjer serveringsverksemd der.

For serveringsstader seier røykjelova at røyking er forbode innandørs. Serveringsstader blir definerte som lokale der det blir servert mat og drikke, og lokale som er sette av til å ete og drikke. Eit døme på dette er såkalla nisterom i tilknyting til varmestover på skianlegg.

Røykjeforbodet gjeld ikkje for uteservering. Lova er likevel streng på at det føreset at røyk ikkje siv inn innandørs, og at det er god nok utlufting i uteserveringsområdet.

Det skal markerast tydeleg med skilt at røyking er forbode, i område der det kan vere tvil om dette. Det skal òg setjast opp røyking forbode-skilt ved inngangen til alle serveringsstader.

Det er serveringsstaden som er ansvarleg for at røykjelova blir følgd. Serveringsstaden kan derfor vise bort gjestar som ikkje respekterer røykjeforbodet.

Forskrift om turistfiskeverksemder

I kjølvatnet av at Noreg har blitt eit attraktivt ferieland, har ei rekkje reisemål etablert havfiskeaktivitetar for turistane. Slike aktivitetar blir regulerte av forskrift for turistfiskeverksemder.


For at ei bedrift skal kunne kalle seg ei havfisketurismebedrift, må ho oppfylle desse krava:

  • Ho må kunne tilby både overnatting og båt, og ho må leggje til rette for fiske med stang
  • Ho må registrere seg i Fiskeridirektoratets register over turistfiskeverksemder.
Tre fritidsfiskarar i ein liten aluminiumsbåt med eit fyrtårn i bakgrunnen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Småbåtlova

Det er eit stort ansvar å leige ut småbåtar. Dersom du vurderer å starte med utleige av småbåtar, er det viktig at du kjenner til småbåtlova. Denne lova gjeld for både småbåtar og fritidsbåtar.

  • Ein småbåt er ifølgje lova ei flytande innretning som er berekna på og i stand til å gå på vatn, og som har ei lengd på inntil 15 meter.
  • Ein fritidsbåt er ifølgje lova ei flytande innretning som er berekna på og i stand til å gå på vatn, som har ei lengd på inntil 24 meter, og som blir brukt utanfor næringsverksemd.

Både båteigarar og båtførarar er ansvarlege for å følgje reglane i småbåtlova. Som båteigar er du òg ansvarleg for at båtbruken ikkje fører til helseskadar eller miljøforstyrringar. Dette vil i praksis seie at om du leiger ut ein båt, må du opplyse den som leiger båten, om til dømes fuglereservat og andre område der ferdsel med båt kan forstyrre miljøet.

I tillegg skal alle båteigarar sørgje for at fritidsbåtane deira er utstyrte med eigna rednings- og flyteutstyr til alle om bord, og gi beskjed om kor mange personar det er lov å ha om bord. Kvar enkelt har ansvar for å ha på seg redningsvest eller flytevest når båten er i fart. Båtføraren har ansvaret for barn under 15 år.

Båteigaren er òg ansvarleg for at den som skal føre båten, er gammal nok og oppfyller krav til helsetilstand og opplæring og andre kvalifikasjonskrav, til dømes båtførarprøven.

I Noreg er det òg strenge reglar for køyring av båt i påverka tilstand, og båteigaren har plikt til og ansvar for å opplyse om dette og om kva konsekvensar det har å bryte lova.

Tivolilova og taubanelova

Tivolilova omfattar nær 900 såkalla fornøyelsesinntreningar, til dømes karusellar, ziplines og gokartbanar.

Taubanelova omfattar over 800 skiheisar og andre taubanar i Noreg.

Dei to lovene har same formål, nemleg å sikre at høvesvis fornøyelsesinnretningar og taubanar blir oppførte, bygde, drivne, haldne ved like og fjerna på ein slik måte at dei ikkje fører til skade på personar, eigedom eller miljø.

Ein ung gut balanserer på tau i Galdhøpiggen klatrepark. Ein annan gut står på eit slags stillas i eit tre. Begge er sikra med tau og hjelm. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Det er Samferdselsdepartementet som er ansvarleg styresmakt for tivolilova. Verksemder som tilbyr folk å bruke fornøyelsesinnretningar, må innhente driftsløyve frå departementet før dei kan ta i bruk innretningane. I tillegg må dei ha etablert eit system som kan sikre og dokumentere at dei oppfyller krava i lova, og krava er strenge.

Som ansvarleg styresmakt kan departementet mellom anna gi forskrifter om

  • tekniske og driftsmessige krav, inkludert krav til bemanning, redningsberedskap, sikkerheitsstyringssystem og erstatnings- og forsikringsplikt og dessutan unntak for krav til sikkerheitsstilling
  • godkjenning eller sertifisering av personell som skal utføre oppgåver som har med sikkerheit å gjere, og dessutan bruk av slikt personell
  • universell utforming av byggverk, innretningar og billettsystem
  • behandling av personopplysningar


Heilagdagsfredlova

På søndagar og alle heilagdagar gjennom året skal ein vise ekstra omsyn, og ikkje forstyrre heilagdagsfreden med larm. Normalt er det derfor ikkje lov å ha offentlege arrangement mellom klokka 6 og klokka 13 på slike dagar – bortsett frå på 1. og 17. mai. Du kan søkje politiet om løyve dersom du ønskjer å ha eit arrangement på ein heilagdag.

I dag er det mange diskusjonar rundt søndagsopne butikkar. Utsalsstader som ligg på typiske turiststader, kan halde ope på søndagar, men kva må til for at eit område skal reknast som ein typisk turiststad?

Kommunen kan søkje Statsforvaltaren om å få eit område godkjent som typisk turiststad for heile eller delar av året. Berre område der salet i dei aktuelle periodane hovudsakleg skjer til turistar, kan reknast som typiske turiststader.

Slike stader kan ha ope på søndagar:

  • kioskar og daglegvarebutikkar på inntil 100 kvadratmeter
  • utsalsstader på campingplassar i campingsesongen
  • kunstgalleri og liknande som sel utstilte gjenstandar
  • produksjonsstader som er tilrettelagde for turisme, og som sel varene dei produserer
Ein vegg full av norske suvenirar som koppar, vimplar, troll og kort med elg-motiv. I framgrunnen eit stativ med kort med motiv frå norsk natur. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge


Kjelder

NHO Reiseliv. (u.å.). Lover og regler for drift. Henta frå https://www.nhoreiseliv.no/jushjelp-tariff-hms/lover-og-regler-for-drift/

Stiftinga Lovdata. (u.å.). Lovdata.no. Henta frå https://lovdata.no/

CC BY-SASkrive av Cathrine Meyer Johansen.
Sist fagleg oppdatert 11.08.2023

Læringsressursar

Lover og regelverk i reiselivet