Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Klimakrise og reindrift

Klimaendringane får konsekvensar for tradisjonell reindrift. Korleis set samiske medium klimaspørsmål og berekraftig utvikling i fokus? I denne oppgåva skal du vurdere korleis NRK Sápmi tek opp temaa klimakrise og reindrift.
Ein mann i samisk drakt sit på kne i snøen framfor ein reinsdyrflokk. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Lag podkastanalyse av medietekst

Del A

Gå saman to og to. Lag manus til ein podkast der de skal vurdere og analysere ein eller fleire medietekstar frå NRK Sápmi.

Tips til disposisjon av analysen:

1. Innleiing

Beskriv nettsaka kort.

  • Kva slags type medietekst er dette?

  • Kva er temaet og bodskapen i saka?

2. Hovuddel

  • Kontekst og samanheng: Set medieteksten inn i ein kontekst.

  • Funksjon: Kva er hensikta og formålet med saka?

  • Korleis vil du beskrive avsendaren, medieaktøren NRK Sápmi?

  • Kven er målgruppa for denne medieteksten?

  • Kva verkemiddel blir nytta for å formidle bodskapen og nå fram til mottakaren?

  • Kjeldebruk: Korleis vil du vurdere kjeldebruken? Vis til intervjuobjekt og kjelder i saka. Bruk TONE-strategien for å vurdere kjeldene kritisk.

3. Avslutning

  • Samanfatt og reflekter.

  • Kva effekt kan medieteksten ha på mottakarar og samfunnet? Korleis kan saka påverke den samiske samfunnsdebatten?


Del B

Gjer ein kritisk gjennomgang av manuset før de går i opptak. Produser podkasten og spel av for resten av klassen til slutt.

Refleksjon og eigenvurdering

Vurder kva du har lært av å jobbe med podkastanalysen. Lag eit refleksjonsnotat.

  • Korleis vil du vurdere den ferdige podkastanalysen?

  • Kva fungerer godt med analysen, kva fungerer ikkje så bra?

  • Korleis fungerte opptaket og det tekniske etterarbeidet med podkasten?

  • Korleis vil du vurdere samarbeidet i arbeidsprosessen?

  • Kva har du lært av denne oppgåva?

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Eva Sophie Wolff-Hansen.
Sist fagleg oppdatert 28.04.2022

Læringsressursar

Nyheitsformidling om klimaet, berekraft og forbruk