Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Tripping med borestrengen

Å trippe i brønnen betyr å køyre arbeidsstrengen inn eller ut av brønnen. Tripping kan gjere brønnen ustabil, derfor skal vi øve litt på kva vi må passe på.
Boretårn med borerøyr i stands, sett nedanfrå og opp. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Når vi driv med boring, køyrer vi inn og trekkjer ut borestrengen fleire gonger. Det gjer vi fordi vi skal inn med casing og sementere, skifte borekrone eller skifte BHA i borestrengen.

Å trekkje ut borestrengen og deretter køyre han inn att med nytt BHA eller ny borekrone kallar vi ein rundtripp: ut og inn att.

Stempeleffekten og sugeeffekten

Når borestrengen blir køyrd inn i eit påbegynt boreholt, vil han skyve væska i brønnen føre seg og opp på utsida av borerøyra. Dersom vi køyrer borestrengen for raskt inn, greier ikkje væska å gå opp på utsida av borestrengen raskt nok. Ho blir då pressa ut i bergarten vi borar i. Dette heiter «surge» på engelsk og beskriv ein stempeleffekt som oppstår i brønnen.

Dersom vi trekkjer borestrengen for raskt ut, kan vi skape ein sugeeffekt som drar inn væske frå bergarten vi borar i. Dette blir kalla «swab» på engelsk.

Både swab og surge kan bidra til at brønnen blir ustabil. Væska i brønnen blir påverka av desse effektane slik at vi kan få eit . Derfor må vi vite kor raskt vi kan bevege strengen utan å skape ubalanse i brønnen.

Det finst fleire ulike metodar for tripping. Du kan lese om dei i artikkelen «Tripping i brønnen», som du finn lenkje til nedst i denne artikkelen.

Øving på tripping i simulatoren

Det er boraren (drillar) som er ansvarleg i trippeoperasjonen.

Skissa viser uttrekking og innkøyring av borerøyr i brønnen. Endringa i væskevolumet i triptanken skal vere det same som volumet av stålrøyra i brønnen. Då er brønnen i balanse. Illustrasjon.

Når du skal trippe, må du overvake triptanken heile tida. Det er ein mindre tank som viser tydeleg når det skjer ei uventa endring i volumet i brønnen. Nivået i triptanken skal vere så stabilt som mogleg når du bevegar strengen. Det vil vere litt rørsle i tanken på grunn av at væska bruker litt tid på å bevege seg langs borestrengen – dette blir kalla forseinking. Du må følgje med slik at du ser om det er ei forseinking eller ei uønskt endring som utviklar seg.

Å trippe inn i brønnen

  1. Hald eit prejobbmøte () med alle som er aktive i operasjonen. Der kan de få oppklart ting som er uklart for dei som er nye i jobben.

  2. Ein stengjeventil til borestrengen skal vere klar på boredekket. Han skal stå i open posisjon, og gjenga skal passe til borerøyra. Ved behov skal ein gjengeovergang òg vere tilgjengeleg.

  3. Prosedyren for stenging av brønnen skal vere lett tilgjengeleg og kjend for dei involverte.

  4. Sjekk at triptanken er rein og klar til bruk. Returlinja frå ringrommet må vere open inn til triptanken.

  5. Set alarminnstilling for nivåendring på triptanken.

  6. Bruk eit trippeskjema til å notere status for kvart stand som blir trippa. Du finn eit Excel-ark på nettet. Reknearket kalkulerer voluma for deg, du må berre leggje inn data om volum og lengd på røyra du køyrer inn. Du kan òg bruke eit manuelt skjema om det er lettare.

  7. Når borestrengen blir senka ned i brønnen, skal han fortrengje væske ut av brønnen. Stålet tek plassen til væska. Volumet som blir fortrengt, skal stemme overeins med volumet av stål i borestrengen. Les av på triptanken og noter i skjemaet. Volumet frå brønnen blir pumpa frå triptanken over i aktiv tank.
  8. Dersom volumet som blir fortrengt, er for lite eller meir enn forventa, må operasjonen stansast og brønnen overvakast.
  9. Om det er eit kick, skal det sirkulerast ut før operasjonen kan halde fram. Følg stengjeprosedyren.
  10. Om det er tap, må væska tilsetjast tapsreduserende stoff og sirkulerast inn i brønnen.

  11. Trippinga kan halde fram når brønnen er stabil.

Å trippe ut av brønnen

Dei same førebuingane gjeld for denne operasjonen.

  1. Når du trekkjer strengen ut av brønnen, må brønnen etterfyllast med væske som svarer til volumet av stål du trekkjer ut. Etterfyllinga skjer frå triptanken.

  2. Noter avlesingane på trippeskjemaet.

  3. Dersom det oppstår avvik, må du stoppe trippinga og ta ein flow-check. Det vil seie å overvake volumet i brønnen for å sjå om det endrar seg.

  4. Dersom det ikkje er plass til riktig mengd væske, kan det bety at du har trekt inn væske frå formasjonen. Dette blir kalla eit kick. Då må brønnen stengjast og kicket sirkulerast ut. Følg stengjeprosedyren.

  5. Trippinga kan halde fram når brønnen er stabil.

Trippeskjema

Eit trippeskjema er eit rekneark som blir brukt for å overvake utviklinga over tid. Det viser om du får avvik i voluma. Du må halde det oppdatert heile tida sidan det fortel deg både kor mange lengder borerøyr som er i brønnen, kor mykje røyra skulle ha utgjort i volum, og kor mykje du faktisk les av i volum.

Filer

Vil du lære meir om tripping? Les artikkelen på lenkja under.

Relatert innhald

Sikker tripping av borestrengen må gjøres med riktig hastighet og god kontroll på væskenivået i brønnen.

CC BY-SASkrive av Sissel Paaske.
Sist fagleg oppdatert 20.05.2021

Læringsressursar

Boresimulatoren