I reservoarseksjonen bruker vi ein liner når formasjonen treng ekstra støtte. Han blir installert i reservoarsona og ankra i nedste casing i brønnen. Når lineren er installert, må han perforerast slik at det blir kontakt mellom brønnen og reservoaret.
Denne animasjonen viser korleis ein liner blir sett saman, installert og sementert i brønnen.
Til ettertanke
Filmen viser samanskruing og innkøyring av ein liner. Det blir gjort fleire testar før innkøyringa, undervegs og før «liner hangar»-en blir sett.
Kan du namngi hovuddelane i ein liner?
Kva testar blir gjorde?
Kva er grunnen til at alt blir så testa nøye?
Klarer du å beskrive hovudtrekka i ein installasjon av liner i brønnen?
CC BY-SASkrive av Sissel Paaske. Rettshavar: Cerpus AS
Sist fagleg oppdatert 18.07.2017