Hopp til innhald

Fagstoff

Internasjonal godstransport II

Les om prosedyrar ved utførsel og innførsel av varer.
Grenseovergang Svinesund, ein fleirfelts motorveg. Det er plassert to skilt over køyrefelta. På det eine skiltet står det: "Toll – ingen varer å deklarere". Dette skiltet har grøn fargemerking. På det andre skiltet står det: "Toll – varer å deklarere". Dette skiltet har raud fargemerking. Foto.

Utførsel av varer

Før vi kan sende varer ut av Noreg, må vi søke om løyve frå Tollvesenet. Dette gjer vi ved å deklarere varene for Tollvesenet. Då fyller vi ut ein utførselsdeklarasjon. Dette er det same dokumentet som blir kalla Einskapsdokumentet på sidene til Tolletaten, eller SAD-dokumentet (Single Administrative Document) i EØS-området. Einskapsdokumentet kan fylle fleire funksjonar.

Faktura

Alt av varer som skal utførast frå landet, skal deklarerast. I tillegg må vi skrive ein faktura og fylle ut eit fraktbrev. Fakturaen inneheld mellom anna informasjon om varetype, varemengd og -verdi. Dette er opplysningar som er nødvendige for å kunne klarere vara inn i eit anna land.

Fraktbrev

Eit internasjonalt fraktbrev kan vere eit for vegtransport eller eit CIM-fraktbrev for jernbanetransport. Fraktbrevet for sjøtransport kallar vi konnossement, engelsk: Bill of Lading eller Waybill (UIC), og det tilsvarande dokumentet for lufttransporten heiter Air Waybill (AWB).

Konnossementet er eit negotiabelt (omsetteleg) dokument. Det betyr at det kan seljast, slik at varene kan skifte eigar under transporten. Det er berre reiarlag og representantane til reiarlaga som kan skrive ut slike konnossement.

Andre dokument

Når vi eksporterer gods, kan det også vere andre dokument som krevst i tillegg til faktura, fraktdokument og utførselsdeklarasjon – til dømes dokumentasjon på kvar varene kjem frå. Når det gjeld matvarer, kan det bli kravd ein sunnheitsattest. Fagarbeidarane i transportbedriftene veit kva for tilleggsdokument som krevst for dei ulike varetypane.

Lenker til nettsider med meir informasjon

Einingsdokumentet til nedlasting frå Tolletatens sider

Tolletaten: Deklarering ved eksport

Innførsel av varer

Ved innførsel av varer til Noreg må vi følge bestemde prosedyrar. Det er vanleg at speditøren sørger for at alle nødvendige dokument er fylte ut. Eitt av dokumenta som trengst, er ein innførselsdeklarasjon (tolldeklarasjon). Her kan vi bruke Einingsdokumentet til Tolletaten.

Varer kan forpassast frå grensa og fram til ein fortollingsstad. Det vil seie at varene blir sende ufortolla frå grensa og fram til eit tollager som er godkjent av Tolletaten. Mottakar eller den personen mottakar har bestemt, tek imot ei framkomstmelding som fortel at godset er framme. Varene må vere fortolla før dei kan utleverast til mottakar.

Nyttig informasjon om vareimport

Tolletaten: Hjelp til utfylling av innførselsdeklarasjon (Einskapsdokumentet)

Tolletaten: Importguide for nybegynnarar

Tolletaten: Forpassing

Tolletaten: Tollager

Tolletaten: Tolltariffen

Toll og avgifter

Toll og avgifter blir fastsette ut frå varetype og -verdi. Desse opplysningane står oppførte i fakturaen, mens satsane for toll finst i tolltariffen. Viss ikkje varene har nokon verdi, men er ei gåve (til dømes nødhjelp), er det vanleg å skrive ut ein proforma faktura der "nødhjelp" er oppgitt som vare.

I tillegg til tollen kjem kostnadene ved å få varene fram til norsk grense.

Godsnummer

Alt av gods som skal innførast, blir tildelt eit godsnummer ved første terminal i Noreg eller på grensa. Godsnummeret består av 15 siffer som gir oss fem viktige opplysningar om godset. Godsnummeret 201304123265001 fortel oss til dømes følgande:

  1. Dei fire første siffera, 2013, er årstalet for importen.

  2. Dei to neste siffera, 04, er nummeret på tolldistriktet.

  3. Deretter følger ein tresifra tollagerkode, i vårt tilfelle 123.

  4. Fjerde opplysning er dagen i året godset har blitt registrert i Noreg. Her er det den 265. dagen i året.

  5. Sist står ekspedisjonsnummeret godset har fått hos tollagerhaldaren, her 001.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Per Haukeberg. Rettshavarar: Amendor AS og NKI Forlaget
Sist fagleg oppdatert 05.02.2024

Læringsressursar

Internasjonale transportar