Hopp til innhald

Fagstoff

Strukturen på jernbanenettet i dag

Her lærer du at jernbanenettet har ein nav-eikestruktur på same måte som vegnettet. Du lærer òg korleis transporttilbodet er tilpassa etterspørselen i marknaden, i form av lokaltog, regiontog, intercitytog, fjerntog og kombifrakttog.
Togskinner med sporveksler og tog på vei inn til stasjonen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Stamma i jernbanenettet

Skinnegangane som i si tid blei bygde ut mellom Oslo og landsdelssentra i Sør-Noreg utgjer framleis stamma i jernbanenettet. På skinnegangane går det både person- og godstog. Persontog krev eit sterkt trafikkgrunnlag, og derfor finn vi desse berre mellom og til og frå dei største byane. Godstog er mest konkurransedyktige over lange transportavstandar.

Persontogsamband

Investeringane for å etablere eit jernbanenett er store. I eit lite og langstrekt land som Noreg, der vi til saman berre er fem millionar menneske – mindre enn halvparten av befolkninga i London – er ikkje føresetnadane for å byggje ut eit jernbanenett dei beste.

I dag har vi persontogsamband i form av

  • fjerntog-tilbod som bind landsdelane saman
  • intercitytog-tilbod som bind Oslo saman med det sentrale Austlandet
  • regiontog-tilbod rundt Oslo
  • fire lokaltog-tilbod rundt Oslo, Bergen, Stavanger og Trondheim

Godstog

Langs dei same jernbaneskinnene transporterer CargoNet gods mellom 11 norske og 10 svenske byar.

Utfordringar

Utfordringar for jernbanen er å auke kapasiteten etter etterspørselen i Oslo-området, både for person- og godstrafikken. Dobbeltspor blir bygde i Oslo for å auke kapasiteten i lokaltogtrafikken. Samtidig er kapasiteten på skifteterminalen på Alnabru under oppgradering, slik at CargoNet kan auke talet på togavgangar.

Når det gjeld investeringar i jernbanenettet, blir krysningsspor på strekningane Oslo–Stavanger, Oslo–Bergen og Oslo–Trondheim prioriterte. Det vil doble kapasiteten for godstransport og gjere nettet meir robust.

NTP 2010–2019

Nasjonal transportplan for 2010–2019 samanfattar utfordringane slik:

Dei intermodale godsterminalane (terminalar for omlasting av gods frå ei transportform til ei anna) får òg auka kapasitet. Utbygginga av dobbeltspor i Oslo-området blir kraftig forseinka. Jernbaneverket prioriterer større nyanlegg på aksen Skien–Lillehammer for å kunne utnytte investeringane som er gjorde på denne strekninga sidan 1990-talet. Stasjonsutvikling med universell utforming blir prioritert langt høgare enn tidlegare.

CC BY-SASkrive av Gunnar Ottesen. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 03.01.2019

Læringsressursar

Transportnettverket