Oppgåve 1
Handling og konflikt i novella "I går, i dag, i morgen"
- Kva får vi vite om eg-personen? Kva er bakgrunnen hans, og kva slags forhold har han til foreldra sine?
- Kva for ein konflikt er det han står oppi?
- Korleis har han tenkt å løyse denne konflikten? Og kva er grunnen til at han vel nettopp denne strategien?
- Forklar korleis forfattaren byggjer opp spenninga i novella.
- Novella har ein overraskande slutt. Forklar.
- "I går, i dag, i morgen" er tittelen på novella. Korleis heng denne tittelen saman med innhaldet og handlinga?
- "Age quod agis" tenkjer hovudpersonen – det du gjer, gjer fullt og heilt. Gjer han sjølv ting fullt og heilt? Kva synest du? Grunngi svaret ditt.
- Er det riktig å seie at konflikten guten opplever, har oppstått fordi foreldra hans er frå Pakistan? Eller kan denne typen konfliktar oppstå uavhengig av kva kultur ein tilhøyrer? Diskuter.
Oppgåve 2
Resymé
Skriv eit resymé, det vil seie eit kort samandrag av konflikt og handling i novella. Resymeet skal vere på mellom 170 og 200 ord.
Oppgåve 3
Argumenterande tekst
Hovudpersonen i novella lurer foreldra sine. Kva synest du om handlemåten hans?
- Er det lurt av han å vente med å fortelje foreldra sine at han vil studere litteraturvitskap?
- Burde han vore oppriktig mot foreldra og fortalt om framtidsdraumen sin?
- Burde han gjort som foreldra ønskjer?
Skriv ein argumenterande tekst der du peiker på positive og negative sider ved dei ulike løysingane. Innlei teksten din ved å gjere kort greie for konflikten guten opplever og handlemåten han vel. Finn òg ein passande tittel.
Oppgåve 4
Argumenterande tekst
Kven er det lurt å lytte til når du skal velje utdanning og yrke, og kvifor? Skriv ein kort tekst med ditt svar på spørsmålet. Teksten skal ha
- ein treffande tittel
- ei kort innleiing
- to-tre avsnitt i hovuddelen
- ei avslutning med ei oppfordring til lesaren
Relatert innhald
CC BY-SASkrive av Marion Federl.
Sist fagleg oppdatert 24.01.2019