Hopp til innhald

Fagstoff

I djupna på tekst i kontekst

Når du les tekstar, skal du setje dei inn i konteksten sin. Men kva rommar eigentleg omgrepet kontekst? Og kvifor heiter det "tekst i kontekst", men ikkje "kontekst i tekst"?

Kva er "tekst i kontekst"?

Før vi definerer omgrepet "tekst i kontekst", kan vi spørje: Kva er konteksten din? I videoen "Tekst i kontekst" fortel Henning Fjørtoft at orda "kontekst" betyr "noko som er vove saman". Det vil seie at du må sjå på deg sjølv som éin av mange trådar i ein vev. Og korleis påverkar alle dei andre trådane, både dei som er slått inn tidlegare, og dei ved sida av, akkurat deg?

Viss vi overfører dette spørsmålet til omgrepet "tekst i kontekst" i norskfaget, blir spørsmålet det same: Korleis blir ein tekst påverka av tekstar og hendingar både i fortida og samtida?

Nora og Noora

Eit døme: Vår mest kjende forfattar, Henrik Ibsen, blei påverka av både andre menneske, aviser og tekstar til å skrive Et dukkehjem. Hovudrolla er kanskje den mest omtalte kvinneskikkelsen gjennom tidene: Nora Helmer som forlèt mannen sin for å bli sjølvstendig. Og kva ser ungdommar i heile verda på over 100 år seinare? Serien SKAM som handlar om Noora som slit med eige sjølvstende i forholdet til William, eller "Wilhelm", som ho kallar han på mobilen. Det er store sjansar for at Julie Andem som har laga SKAM, har blitt påverka av Ibsen.

Samtidig slit Noora med andre problem enn Nora. Årsaka er at kulturen og samfunnet har forandra seg sidan 1800-talet. Ikkje minst er kåra til kvinnene heilt annleis på 2000-talet enn på 1800-talet.

Begge tekstane er altså prega av samtida si, men også fortida si. Nora møter andre utfordringar enn Noora. Men likevel er historiene deira vevne saman.

Kulturhistorisk kontekst

Du har kanskje høyrt om omgrepa "romantikken", "realismen" og "naturalismen"? Dette er alle namn på epokar som skal fortelje oss noko om kva som var typisk for kunsten på si tid. Når du jobbar med å forstå både den historiske og kulturelle konteksten ein tekst kom ut i, jobbar du med den kulturhistoriske konteksten. Då stiller du typisk spørsmål som: Kvifor var forfattaren Jens Bjørneboe så sint på autoritetar? Kva er det ved tida han levde i som gjorde at tekstane hans handlar om nettopp dette? Eller: Kvifor handlar nesten alle norske tekstar på 1600-talet om Gud?

Norskfaget har blitt kritisert for å vere for oppteke av litteraturhistorisk kontekst. For det er viktig å sjå at sjølv om tekstane sjølvsagt er prega av tida dei er skrivne i, så bør vi først prøve å forstå kva forfattaren vil med teksten sin. Dette utan å måtte kjenne til alt om romantikken sitt samfunnssyn, skrivereglar og inspirasjon. Teksten slik han verkar i seg sjølv skal altså vere gjenstand for utforskinga di. Det er derfor det heiter «tekst i kontekst» og ikkje «kontekst i tekst».

Kva er den kulturhistoriske konteksten vår?

"Romantikken", "realismen" og "barokken"... Men kva kjem vi til å kalle kunsten frå vår eiga tid? Kva er den kulturhistoriske konteksten vår?

Det er ofte enkelt å sjå fellestrekk i gamle tekstar, men vanskelegare å sjå dei i dei samtidige. Dette sjølv om vi lever midt i den konteksten desse tekstane kjem ut i. Kvifor er det slik?

Har du nokon gong lurt på korleis du blir oppfatta i andre sine auge? Du kan nok enkelt klistre eigenskapar som «snill», «vakker», «egoistisk» eller «innbilsk» på andre, men klarer du å beskrive deg sjølv like konkret? Nei, det er ikkje så enkelt. For sjølvinnsikt er ein usikker vitskap. Derfor er det òg så vanskeleg å setje riktig «diagnose» på litteraturen i eiga samtid.

Når vi beskriv ein tidsperiode på til dømes 100 år, forenklar vi og trekkjer ut essensen. Viss vi er for nært på, er det gjerne detaljane vi blir opptekne av, og det er vanskeleg å sjå dei store linjene. Først når vi har fått tida og tekstane i ein periode på avstand, er det lettare å sjå kva trekk som er typiske.

Men nokre tendensar ser vi: Dei siste åra har det komme ein flaum av såkalla verkelegheitslitteratur. Det vil seie tekstar som kan gjere oss usikre på om dei er fiksjon eller verkelegheit. Er forfattaren den same som forteljaren? Har dette skjedd i verkelegheita, eller er det berre noko hen finn på? Og kva seier denne tendensen om konteksten; om samtida vår? Betyr det at vi er ekstremt sjølvopptekne og manglar fantasi?

Det er det vanskeleg å seie noko om. Men ein ting er sikkert: Om 100 år vil nok norske skuleelevar ha eit namn på oss. Dei vil «diagnostisere» oss og seie at «Typisk for menneske på starten av 2000-talet var… Derfor skreiv forfattarane…».

Prøv å fylle ut tomromma i setninga over sjølv. Kva er typisk menneska på 2000-talet? Og kva kjem ekspertane til å kalle oss om 100 år?

Å sjå på gamle tekstar med eit moderne blikk...

Då læreplanen i norsk blei fornya til 2020, blei det bestemt at norske elevar ikkje berre skulle lese gamle tekstar og forstå konteksten dei kom ut i. Dei skulle òg samanlikne tekstane med eiga samtid. Dette var ikkje heilt nytt, men tendensen blei forsterka med den nye læreplanen. Kva kan vere årsaka til at dei som laga læreplanen, gjorde dette valet?

Grunngivinga har stort sett vore at når ungdommar les gammal litteratur, opplever dei han som kjedeleg. Dei blir ikkje rørte av han, forstår han ikkje og synest lesinga er uinteressant.

... kan auke innsikta di

Håpet er dermed at når du les om Gunnlaug Ormstunge som levde på 1000-talet, vil du forstå han betre, synest han er meir spennande, om du spør deg sjølv: «Korleis ville ein norsk mann på 2000-talet reagert om ein mann ved namn Ravn prøvde å stele kjærasten hans?». At svaret er: «Han ville nok ikkje utfordra han til duell på ein holme» viser at konteksten, og med det samfunnet, har forandra seg. Samtidig er det ikkje heilt usannsynleg at det hadde ført til slåstkamp. Og det viser kanskje at den norske mannsrolla ikkje har forandra seg så mykje på 1000 år?

Samtidig kan dette blikket føre til det motsette: Når du les dikt frå 1600-talet, vil du leggje merke til at alt, både fortid, liv og etterliv, handlar om Gud. Og då går det an å spørje seg sjølv: Kan vi eigentleg forstå desse menneska? Korleis var dei, kva påverka dei? Og når Jens Bjørneboe, som hata autoritetar, var ein hit blant norske skuleelevar på 70-talet, kva seier det om denne ungdomsgenerasjonen? Og kva seier det om ungdommar i dag at dei kanskje ikkje heilt forstår dette opprøret?

Det er dette blikket som både kan auke innsikta i fortida og dei tekstane som høyrer ho til. Samtidig kan det vere vi forstår oss sjølve litt betre.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 24.04.2020

Læringsressursar

Kva er tekst i kontekst?