Hopp til innhald

Fagstoff

Tre reglar for rekneskapsføring

Det er tre viktige reglar for postering av bilag i rekneskapen. Reglane gjeld for alle dei økonomiske aktivitetane i ei bedrift.
Nærbilete av ein del av ein kalkulator og tuppen av ein kulepenn. I bakgrunnen er det ein graf. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

På Vg1 lærte du om dei tre reglane for rekneskapsføring. Vi tek ein rask repetisjon av desse.

Regel nummer 1

  • Ei debitering av ein eigedelskonto aukar verdien.
  • Ei kreditering av ein eigedelskonto reduserer verdien.

Døme: Bedrifta har teke ut 5 000 kroner frå banken og lagt pengane i kassa. Du debiterer konto 1900 Kontantar og krediterer konto 1920 Bankinnskot.

Regel nummer 2

  • Ei debitering av ein gjeldskonto reduserer gjelda.

Døme: Bedrifta betaler 10 000 kroner i avdrag på eit lån. Du krediterer konto 1920 Bankinnskot og debiterer konto 2240 Pantelån.

  • Ei kreditering av ein gjeldskonto aukar gjelda.

Døme: Bedrifta har lånt 400 000 kroner av banken og kjøpt ein bil. Du debiterer konto 1230 Bilar og krediterer konto 2240 Pantelån.

Regel nummer 3

  • Ei debitering av ein eigenkapitalkonto reduserer eigenkapitalen.

Døme: Eigar og dagleg leiar tek ut 15 000 kroner til privat bruk. Du krediterer konto 1920 Bankinnskot og debiterer konto 2060 Privatuttak.

  • Ei kreditering av ein eigenkapitalkonto aukar eigenkapitalen.

Døme: Det blir eit positivt resultat når ein resultatkonto blir avslutta. Du fører resultatet som kredit på konto 2050 Eigenkapital.

Resultatkontoane i forhold til balansen

Alle posteringar du gjer på kontoane for resultat, salsinntekter og kostnader, har betydning for balansen. Alt som aukar eigenkapitalen, blir ført i kredit. Alt som reduserer eigenkapitalen, blir ført i debet. Det vil seie at inntekter alltid skal førast i kredit, fordi det aukar eigenkapitalen. Kostnader skal alltid førast i debet, fordi det reduserer eigenkapitalen.

Relatert innhald

Her skal vi ta for oss tre tommelfingerreglar for korleis vi behandlar kontoklassane, det vil seie korleis vi fører rekneskap.

Her lærer du korleis du gjer ei årsavslutning i rekneskapen. Årsavslutninga er eit av dei viktigaste krava i rekneskapslovgivinga.

CC BY-SASkrive av Oddvar Torgersen. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 29.01.2021

Læringsressursar

Rekneskap