Hopp til innhald

Fagstoff

Blybatteri

Når vi skal ha batteri med større kapasitet, bruker vi blybatteri (blyakkumulator). Her skjer opp- og utlading ved ein kjemisk prosess.
Blybatteri. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Blybatteri er mellom anna brukte i bilar, fly, maskinar, elektriske køyretøy og solcelleanlegg, og dei er sette saman av celler med negative og positive platesett, mellomlegg og batterisyre. Dei positive platesetta er laga av blyoksid. Dei negative platesetta er laga av bly. Mellomlegget er ein plasttype og har til oppgåve å hindre direkte kontakt mellom blyplatene. Batterisyra er fortynna svovelsyre.

Cellespenning

Når vi belastar batteriet med ein forbrukar, skjer det ei utlading. Då trekkjer den reine svovelsyra inn i pluss- og minusplatene. Oksygenet i plussplatene trekkjer ut i batterivatnet. Når vi lader opp batteriet, tilfører straum, snur vi prosessen. Svovelsyre trekkjer ut i batterivatnet, og oksygen trekkjer inn i det positive platesettet.

  • Cellespenninga på eit blybatteri er 2 volt.
  • Seriekoplar vi fleire celler, aukar spenninga.
  • 2 volt · 6 celler = 12 volt

Cellespenninga på blybatteriet er cirka 2 volt. Når vi seriekoplar fleire celler, aukar batterispenninga med cellespenning multiplisert med talet på celler.

Elektromotorisk spenning

Når batteriet er ubelasta (ikkje kopla til ein slutta krets), måler vi elektromotorisk spenning (), som for ei celle i eit fulladd batteri er 2,15 volt. Elektromotorisk spenning har symbolet E. Når batteriet leverer straum, måler vi klemmespenninga, som for eit fulladd batteri er 2 volt per celle. Klemmespenninga er lågare enn den elektromotoriske spenninga på grunn av indre resistans i batteriet. Den indre resistansen i eit batteri kan reknast ut med Ohms lov.

Kontrollerer du spenninga på eit batteri i ein bil der ingen forbrukarar er innkopla, måler du elektromotorisk spenning. For eit godt oppladd batteri er denne cirka 13 volt.

Farar med blybatteri

Arbeid med blybatteri kan føre med seg mange farar, og det kan oppstå skade på personen som arbeider med batteriet, eller i nærleiken av batteriet.

Batterisyre

Batteri inneheld fortynna svovelsyre (H2SO4). Batterisyra er etsande, og syresprut på huda fører til irritasjon. Syresprut i auget kan føre til at ein blir blind, og syresprut etsar hòl i klede.

Kortslutning/brann

Batterier har liten indre resistans og kan derfor levere store strømstyrker, mellom 500 og 600 ampere. Dersom det blir direktekontakt mellom pluss- og minuspolen, blir det kortslutning, og det kan medføre brann eller brannskadar på den som held i gjenstanden som kortsluttar batteripolane.

Bly

Akkumulatorbatteriet inneheld bly. Bly er giftig, og vi må vere nøye med reinsligheit når vi arbeider med blybatteri. Små mengder bly i kroppen hindrar produksjon av raude blodlekamar. Vi må ikkje setje frå oss brukte blybatteri ute i naturen, men levere dei på bensinstasjonar eller andre godkjende oppsamlingsplassar.

Knallgass/eksplosjonar

Ved opp- og utlading utviklar det seg gassar. I rett blanding med oksygen blir dette knallgass, og berre ein liten gneist kan medføre kraftige eksplosjonar.

Kontroll og vedlikehald av blybatteri

Visuell kontroll

Kontroller om batteriet har skadar eller lekkasje.

Batterisyre

Kontroll av syrenivået: Batterisyra skal stå cirka ein centimeter over cellene. Er det for lite syre, skal det etterfyllast med destillert vatn. Kontroll av batterisyra sin densitet: Det skal vere cirka 1,28 kg/l for eit fullada batteri. Er batteriet utlada, er syrevekta låg. Er syrevekta under 1,20 kg/l, må batteriet ladast.

Batterispenning

Den elektromotoriske spenninga til batteriet seier oss ikkje så mykje om tilstanden. Derfor må vi kontrollere batteriet når det blir belasta, for å sjå kor mykje spenninga går ned.

CC BY-SASkrive av Industriskolen.
Sist fagleg oppdatert 10.10.2019

Læringsressursar

Batteri