Nokre seier det er dyrt å vere med i ei fagforeining. Kor mykje kostar det å vere medlem? Har du råd til å la vere?
Kontingent
Kontingenten til fagforeininga er skattefri. Det vil seie at du betaler ein prosentsats ut frå bruttolønna di.
I tillegg gir kontingenten frådragsrett på skattemeldinga. Det vil seie at du kvart år kan trekkje frå inntil 8000 kroner på skattemeldinga (2024).
Oppgåve 1
Eva er resepsjonist og tener kr 410 000 brutto i året. Ho vurderer å bli med i fagforeininga Fellesforbundet.
- Kor mykje skal ho betale i fagforeiningskontingent når kontingenten er 1,5 prosent (2024)?
- Kva nytte kan Eva ha av å vere med i Fellesforbundet?
- Synest du nytta veg opp for kostnaden?
Oppgåve 2
Ola er vektar og tener kr 454 560 i året. Han vurderer å bli med i fagforeininga Parat.
- Kor mykje skal han betale i fagforeiningskontingent når kontingenten er 1,2 prosent (2024)?
- Kva nytte kan kan Ola ha av å bli med i fagforeininga Parat?
- Synest du nytta veg opp for kostnaden?
CC BY-SASkrive av Cecilie Lund.
Sist fagleg oppdatert 28.02.2024