Utfordringar med internasjonal handel
Norske bedrifter kjøper og sel varer og tenester i mange land – òg i land som har dårlege arbeids- og lønnsforhold og dårleg arbeidsmiljø. Det kan vere snakk om dårleg lønn, barnearbeid og ekstrem bruk av overtid. Tilfelle av smørjing og korrupsjon blir òg stadig avslørte.
Organisasjonen Initiativ for etisk handel (IEH) er eit ressurssenter og ein pådrivar for etisk handel. IEH har laga ein rettleiar som viser korleis bedrifter kan arbeide systematisk og målretta med etisk handel.
Rettleiaren legg vekt på tre forhold. Bedriftene må:
- vedta retningslinjer for etisk handel
- forankre internt, planlegge og organisere arbeidet
- følge opp samarbeidspartnarar
Dette tek tid og kostar pengar. Det må setjast av ressursar til planlegging og til kontroll av leverandørar og samarbeidspartnarar.
Vedta retningslinjer
Rettleiaren til IEH legg vekt på at etisk handel mellom anna skal fremme visse saker og forhindre andre.
Etisk handel skal fremme
- trygge arbeidsplassar
- regulære tilsetjingar med arbeidskontraktar
- regulert arbeidstid
- ei lønn som det går an å leve av
- ei berekraftig forvaltning av miljøet
Etisk handel skal forhindre
- barnearbeid
- seksuelt misbruk av barn
- tvangsarbeid
- ekstrem bruk av overtid
- diskriminering av folkegrupper (kvinner, minoritetar)
Retningslinjene bør vere ein del av strategien for verksemdene og bør derfor vedtakast av styret.
Les meir om etisk handel
Du kan lese meir om etisk handel på nettsida til Etisk handel Norge.
Forankre internt
Ein god start på arbeidet med etisk handel er å setje konkrete og realistiske mål. I startfasen kan vi prioritere interne mål. Seinare kan vi setje mål for forbetringar hos leverandørar og samarbeidspartnarar.
Dei beste resultata oppnår vi når etisk handel blir ein naturleg del av det daglege arbeidet. Vi må lage handlingsplanar, plassere ansvar og setje av ressursar.
Dei tilsette må vite kva som er vedteke, kva som blir venta av dei, kva som er gjennomført, kva som har lykkast, og kva som har vore vanskeleg å gjennomføre.
Følge opp samarbeidspartnarar
Leverandørar og samarbeidspartnarar må ta sin del av ansvaret. Retningslinjer for etisk handel må kommuniserast, og samarbeidspartnarane må bli bedne om å engasjere seg i forbetringsarbeidet.
Samarbeidspartnarar som ønsker å arbeide seriøst med etisk handel, bør vedta tilsvarande retningslinjer og setje i gong eit eige forbetringsarbeid.
I veletablerte samarbeidsforhold bør det ligge godt til rette for samarbeid om etisk handel. Når vi får nye samarbeidspartnarar, er det viktig at vi informerer dei om retningslinjene våre for etisk handel, og kva dei vil bety for samarbeidet.
Openheitslova
I arbeidet for etisk handel er den nye norske openheitslova viktig. Ho tredde i kraft 1. juli 2022 og skal sørge for at organisasjonar og bedrifter speler med opne kort om korleis dei driv verksemda si. Den fulle tittelen på lova er "lov om virksomheters åpenhet og arbeid med grunnleggende menneskerettigheter og anstendige arbeidsforhold".
Lova skal sørge for at grunnleggande menneskerettar og anstendige arbeidsforhold blir tekne vare på. Ho blir derfor òg kalla menneskerettslova for næringslivet.