Hopp til innhald

Fagstoff

Romanen Halvbroren

I 2001 gav forfattaren Lars Saabye Christensen ut romanen Halvbroren. Som i mange av romanane hans er handlinga lagt til Oslo i etterkrigstida. Forteljinga om halvbroren har seinare vorte filmatisert.

Om forfattaren

Portrett av mann med skjegg og lite hår. Foto.

Forfattaren Lars Saabye Christensen (1953–) har skrive både dikt, romanar, kriminalromanar, noveller, dramatikk, høyrespel, barne- og ungdomsbøker, poetiske reiseskildringar og biletbøker.

Romanar som Beatles (1984), Herman (1988) og Halvbroren (2001) fekk nærast ikonisk status for generasjonen som var ungdom i 60-åra, og romanane blir framleis lesne av mange skuleelevar. Alle tre bøkene er dessutan filmatiserte.

I Lars Saabye Christensens romanar er hovudpersonane ofte outsiderar, som forfattaren skildrar med varme og humor. Handlinga i mange av romanane er lagd til Oslo i etterkrigstida, eit miljø forfattaren kjenner svært godt frå sin eigen oppvekst.

Les romanen

Du finn ganske sikkert romanen Halvbroren på skulebiblioteket eller eit anna bibliotek nær deg.

Romanen finst også som e-bok og lydbok.

Ein ung mann les eit brev. Foto.

Om romanen Halvbroren

Hovudpersonen i romanen Halvbroren er guten (og etter kvart den unge mannen) Barnum Nilsen. Han veks opp i ei leilegheit i Kirkeveien i Oslo, omgitt av tre generasjonar kvinner – oldemora "Den Gamle", som i si tid var dansk stumfilmskodespelar, bestemora Boletta, som jobbar i Telegrafverket, og den unge mora Vera.

Mennene i familien har etter tur forsvunne ut av liva deira. Mannen som oldemora var trulova med, Wilhelm, vart i si tid borte i Grønlandsisen. Barnums far, Arnold, er ein omreisande sirkusartist, som opphavleg kjem frå Røst i Lofoten. Også han forsvinn på eit tidspunkt ut av Barnums liv. Det same gjeld Fred, som Barnum er på leiting etter i romanen. Fred er Barnums halvbror, resultatet av ei valdtekt Vera vart utsett for på sjølvaste frigjeringsdagen i 1945. Eller er Fred og Barnum eigentleg halvbrør?

Romanen Halvbroren består av mange forteljingar som blir vovne saman ved hjelp av ei rammeforteljing. Det er forfattarspiren Barnum som sjølv skriv denne rammeforteljinga. Han plasserer dei ulike underforteljingane i tid og rom og gir dei ei felles betydning.

Barnum får aldri heilt tak i forteljinga om sitt eige liv, det er noko som manglar for at livet hans skal bli heilt. Kanskje er det derfor han ender opp som filmmanusforfattar?

Jeg klipper livet mitt, livet vårt i stykker. Jeg har brutt meg inn i klipperommet med en saks av sølv, og siden limer jeg bitene sammen, med mine små hender i en annen rekkefølge. Og tilgi meg hvis jeg må lyve, for løgnen er bare det man føyer til for å få bruddflatene til å passe i fortellingens linjal (Halvbroren, s. 252).

I 2013 sende NRK TV dramaserien Halvbroren. Mette M. Bølstads filmmanus er basert på romanen til Lars Saabye Christensen.

Lars Saabye Christensen om romanen Halvbroren

Sjå eit lengre intervju med romanforfattaren i programmet Bokbadet i samband med at romanen kom ut i 2001 (28 minutt).

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 21.02.2022

Læringsressursar

Analyse av fiksjonsfilm