Hopp til innhald

Fagstoff

Digitalt medborgarskap

Du høyrer til generasjonen av digitalt innfødde som tek digital teknologi og nettbaserte løysingar for gitt, og som bruker dette aktivt i kvardagen. Digitalt medborgarskap krev òg kritisk kompetanse, nettvett og evne til etisk refleksjon.
Ein gut med hovudtelefonar og ei jente med øyreproppar sit med kvar sin mobil ved matbordet. Dei snur ryggen til kvarandre. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Generasjonen av "digitalt innfødde"

Du vaknar av eit pling frå det digitale uret i mobiltelefonen din. Du sjekkar siste nytt på nettavisa til VG, før du hiv i deg frukosten og går på bussen der du registrerer månadskortet ditt ved hjelp av ein mobil-app. Etter at du har kome fram til skulen, rekk du å sjekke profilen til kompisen din på Instagram før første time startar. Så opnar du PC-en og opnar arbeidsoppgåva som læraren din har funne fram til på NDLA.

Generasjonen din er den første som for alvor kan kallast "digitalt innfødde". I eit blogginnlegg frå 2009 deler professor Arne Krokan ved NTNU den norske befolkninga i tre grupper:

  • "digitalt innfødde", som tek dei digitale løysingane dei omgir seg med, for gitt, og som alltid er opne for ny teknologi og nytt innhald

  • "digitale immigrantar", som har ei forsiktig tilnærming til bruk av digitale verktøy og digitalt innhald

  • "gamlisar", som ikkje har noko forhold til digitale verktøy, og som er skeptiske til både bruk av nettbank og sosiale medium

I dei åra som har gått sidan 2009, har gruppa "gamlisar" vorte atskilleg færre, og dei "digitale immigrantane" har vågd seg ut på stadig nye digitale arenaer.

Eldre dame med rullator les avis på nettbrett. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Tenk etter

Oppveksten din er fundamentalt ulik frå det analoge samfunnet som foreldra og besteforeldra dine vaks opp i.

  • Kor mange SMS-ar trur du vart sende under OL på Lillehammer i 1994?

  • Når trur du den første nettbanken vart etablert i Noreg?

Digital medborgarskap krev digital kompetanse

Digitalt er aktiv deltaking i eit digitalisert samfunnsliv gjennom ein eigna og ansvarleg bruk av teknologi.

Ein digital medborgar er derfor ein person som har den digitale kompetansen som skal til for å meistre eit liv som borgar i eit samfunn der både utdanning, arbeidsliv, offentleg tenesteyting, demokratisk deltaking og tilgang til informasjon og underhaldning er avhengig av digitale løysingar.

Digital kompetanse handlar ikkje berre om å ha tekniske ferdigheiter og kunnskap om digitale medium. Som digital medborgar må du òg ha evna til kritisk vurdering og etisk refleksjon.

Reflekter saman med ein medelev

  • Er det sikkert at prinsippet om fritt val er vareteke dersom alle kan stemme digitalt i staden for å oppsøkje eit vallokale?

  • Er det greitt at styresmaktene til ei kvar tid veit kvar du er, så lenge du har mobilen slått på?

Videokonferanse mellom to kvinner. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kriterium for digitalt borgarskap

Nettstaden Digital Citizenship listar opp ni kriterium for det som på engelsk blir kalla "digital citizenship". På norsk omfattar omgrepet både digitalt og digitalt .

  1. Digital tilgang handlar om tilgang til digitale verktøy og digitalt innhald. Mange innbyggjarar har ikkje tilgang til fibernett, nokre manglar kunnskap om korleis dei kan bruke digitale verktøy, og mykje innhald er stengt bak betalingsmurar.

  2. Digital handel betyr godt utval av nettbutikkar, tilfredsstillande leveringstenester til ulike delar av landet og digitaliserte bank- og betalingstenester som fungerer på ein sikker måte.

  3. Digital kommunikasjon er avhengig av at alle kan kome til orde på ulike plattformer.

  4. Digitale ferdigheiter betyr at du kan bruke ulike digitale verktøy, navigere på nett og gjennomføre ei kritisk vurdering av den informasjonen du finn der.

  5. Digital etikette handlar om at du opptrer på ein etisk forsvarleg måte når du bruker digitale løysingar.

  6. Digital lovgiving inneber at du kjenner til og følgjer lovene som gjeld for bruk av digitale verktøy og digitalt innhald, at du til dømes respekterer åndsverksrettar. Det er ei plikt du har som statsborgar.

  7. Digitale rettar og plikter handlar om dei rettane og pliktene du har som statsborgar i eit digitalisert samfunn. Som norsk statsborgar har du til dømes rett til å ytre deg fritt, få viktig helseinformasjon eller bli orientert om vedtak som vedkjem deg, via digitale kanalar. Du har òg plikt til å levere informasjon digitalt til styresmaktene om til dømes planlagd byggjeverksemd, fråvær ved sjukdom eller skattbar inntekt.

  8. Digital helse og velvære vil seie at du er medviten korleis digitale medium kan påverke deg på godt og vondt, og at digitalt innhald òg kan skape avhengnad.

  9. Digital sikkerheit handlar om kunnskap og system som sikrar at du ikkje blir utsett for svindel på nett, og som hindrar at andre får tilgang til sensitive personopplysningar om deg.

Tenk etter

  • Kor mange av kriteria til digitalt borgarskap oppfyller du?

  • Kor mange oppfyller foreldra dine?

  • Kor mange oppfyller besteforeldra dine?

Kjelder

Krokan, A. (2009, 6. juni). Gamliser, digitale immigranter og innfødte. https://www.krokan.com/arne/2009/06/06/gamliser-digitale-immigranter-og-innfdte/

Meld. St. 27 (2015–2016). Digital Agenda for Norge. https://www.regjeringen.no/no/dokumenter/meld.-st.-27-20152016/id2483795/

Mossberger, K., Tolbert, C. J. & McNeal, R. S. (2007). Digital Citizenship. The Internet, Society, and Participation. The MIT Press.

Norsk senter for forskingsdata (u.å.). Fagtekst: Digitalt medborgerskap – en innføring. Ressurser for lærere og elever. Henta 14. oktober 21 frå https://o.nsd.no/vgs/ressurser/alle.html

Ribble, M. (2017). Nine Elements. Digital Citizenship. http://www.digitalcitizenship.net/nine-elements.html

CC BY-SASkrive av Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 14.10.2021

Læringsressursar

Digital medborgar