Unge i dag har vakse opp i ei globalisert medieverkelegheit. Dei er den første generasjonen som potensielt kan velje bort alt norsk innhald. Men kva skjer då med det norske språket?
Språkrådet om situasjonen for det norske språket
Språkrådet skriv i rapporten Språk i Norge – kultur og infrastruktur (2018) følgjande om norsk språk i møte med globale medieaktørar:
[…] Utan ein medviten mediepolitikk som i alle samanhengar tar omsyn til stillinga til norsk språk, er det fare for at norsk kan miste den posisjonen språket har hatt på mediefeltet. […]
[…] Dersom dei nye aktørane i endå større grad styrker posisjonen sin i marknaden, bør ein derfor vurdere å stille språklege krav til innhaldet […]
Oppgåve: Føreslå og prioriter tiltak
Lag ei prioritert liste med ti tiltak som kan bidra til å styrkje posisjonen til det norske språket på mediefeltet.
Kjelde
Språkrådet (2018). Språk i Norge – kultur og infrastruktur. https://sprakinorge.no/
Relatert innhald
CC BY-SASkrive av Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 20.12.2021