Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Språkvanskar i barnehagen

Når du skal jobbe med barn i barnehagen, er det viktig at du har kunnskap om språkvanskar. Her kan du lære meir om språkvanskar og kva du bør gjere for å stimulere til god språkutvikling.

Sjå filmen Språkvansker i barnehagen, som er ein del av Lesesenterets språkløype "Vansker med språk, lesing og skriving".

Del 1. Spørsmål knytte til filmen

  1. Forklar skilnaden på språkvanskar og språkleg forseinking.
  2. Vi skil mellom spesialpedagogiske tiltak og allmennpedagogiske tiltak i barnehagar. For kven gjeld allmennpedagogiske tiltak?
  3. Kva utfordringar kan språkvanskar gi på lang sikt?
  4. Forklar kva Bloom og Laheys språkmodell går ut på. Gi døme frå filmen eller frå eigen praksis.
  5. For å finne ut om barn som held på å lære seg norsk, har språkvanskar eller ikkje, må vi sjå på korleis dei meistrar norsk, og korleis dei meistrar sitt eige morsmål. Kvifor må vi det?
  6. Kvifor treng vi kunnskap om språkutvikling og språkvanskar?

Del 2. Språkstimulerande aktivitetar

Søk på internett og finn språkstimuleringsaktivitetar som passar for barn i barnehagen. I relatert innhald finn du lenker til nokre aktuelle nettsider.

  1. Lag aktivitetskort som fortel

    • kva aktiviteten går ut på
    • korleis han skal gjennomførast
    • kvifor denne aktiviteten stimulerer til språkutvikling
  2. Illustrer aktiviteten på aktivitetskortet, anten ved å teikne sjølv eller ved hjelp av bilete frå nettet.
  3. Samle saman alle idéane frå klassen og lag eit språkhefte til bruk i barnehagen.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Riborg Anna Ringereide.
Sist fagleg oppdatert 07.03.2024

Læringsressursar

Språkutvikling