Hopp til innhald

Fagstoff

Den tredelte hjernen – dampbåtmodellen

Ein måte å forklarer den tredelte hjernen på er å nytte ein dampbåt som ein forklaringsmodell. Modellen kan vere ein fin måte å forklare på til barn og unge kva som skjer i hjernen når dei reagerer uforklarleg på situasjonar.
Illustrasjon av eit hovud sett frå sida med tre menn teikna inn rundt, med pilar inn til ulike delar av hjernen. Nedst er fyrbøtaren, det er veslehjernen, øvre del av ryggmergen, den sansande, sjølvstyrte hjernen. I midten er maskinisten, det limbiske system, kjenslehjernen. Øvst er kapteinen, prefrontal cortex, den tenkjande hjernen. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Dampbåtmodellen

I illustrasjonen verkar den tredelte hjernen som ein dampbåt. Ein dampbåt går framover ved hjelp av damp som kjem frå oppvarma vatn. I nokre typar dampbåtar blir kol eller ved nytta til å varme opp vatnet slik at dampen får maskineriet i gang. Det er ansvaret til fyrbøtaren å passe på at det alltid brenn i omnen. I maskinrommet jobbar maskinisten som har ansvaret for at alt i maskina fungerer. Kapteinen står i styrehuset og styrer båten.

For at dampbåten skal gå framover og i riktig retning, må alle funksjonar om bord i båten funger godt saman. Vi kan overføre funksjonen til dampbåten til korleis dei tre delane av hjernen fungerer. Den tredelte hjernen består av den sansande hjernen, kjenslehjernen og den tenkjande hjernen. For at hjernen vår skal fungere best mogleg, er det viktig at alle dei tre delane fungerer godt saman.

Fyrbøtaren

Fyrbøtaren held altså til i fyrrommet og representerer den nedste delen av hjernen. Denne delen kallar vi sansehjernen. Her blir impulsar, sansar og temperatur i kroppen styrte. I dette området blir det òg bestemt kor mykje eller lite kraft som skal til for å halde kroppen i gang. Når du sansar, kjenner du det i kroppen. Til dømes når du blir stressa, då merkar du sikkert at hjartet dunkar fortare og du blir kanskje varmare eller kaldare i kroppen enn normalt.

Maskinisten

I maskinrommet held maskinisten som sørgjer for at maskina fungerer som ho skal, til. Her ligg kjenslehjernen. Når alt går fint for seg i fyrrommet, går maskina heilt som ho skal. Men viss du til dømes blir veldig stressa og hjartet dunkar fortare, byrjar òg maskina å gå for fort. Maskina representerer kjensler, og i stressa situasjonar kan kjenslene ta overhand. Vi kan til dømes byrje å gråte, bli sinte, frustrert og vi kan føle at alt går i stå.

Kapteinen

Rolla til kapteinen er å styre båten i riktig retning og med riktig fart. Kapteinen representerer fornuft og skal hjelpe oss å forstå det som skjer med oss. Vi kallar denne delen for tenkjehjernen. Kapteinen skal tenkje kritisk og vurdere kva som er lurt å gjere i ulike situasjonar. Han er veldig viktig når vi skal ta avgjerder, og når vi skal lære noko. Når alt i hjernen fungerer bra, bestemmer kapteinen over fyrbøtaren og maskinisten, men når vi stressar, verkar det som om kapteinen sovnar og det er kjenslene som styrer vala våre.

Kva skjer når barn reagerer på ein uforklarleg måte?

Dei tre delane av hjernen må ha kontakt med kvarandre for at vi skal forstå korleis vi skal handle til beste for oss sjølv og andre. Nokre gonger opplever vi at fornufta, kapteinen, forsvinn. Då er det maskinisten som bestemmer, og vi handlar ut frå kjensler. Eller så kan vi oppleve at fyrbøtaren har full kontroll. Då handlar vi impulsivt. Det beste for oss menneske er at kapteinen har kontroll, fordi då er det fornufta som handlar, og vi opptrer på ein klokare måte.

Når dei tre nivåa i hjernen ikkje samarbeider med kvarandre, opplever vi at det "klikkar" for oss. Det kan vere at du blir frykteleg stressa rett før ei prøve, alarmen går i maskinrommet, og du får mange vanskelege kjensler du må handtere. Eller du kjem i ein situasjon der du opplever deg trua og i akutt fare. Då gir fyrbøtaren beskjed om å fyre på så mykje han klarer. Temperaturen stig og maskineriet går i full speed. I begge tilfelle koplar kapteinen ut ved at han ikkje følgjer med, gir opp og mistar kontrollen.

Barn og unge som har vakse opp med mange skremmande situasjonar, lærer å verne seg sjølve ved alltid å vere på vakt for farar. Maskinisten, kjenslene, står då klar til å reagere. Når barnet hamnar i situasjonar som minner om vonde opplevingar, kan dei reagere på ein måte vi ikkje kunne føreseie. Då er det veldig viktig at du beheld roa og møter barnet med forståing og omsorg, ikkje irettesetjingar eller straff. Hugs at det er reaksjonar som kjem på grunn av vonde kjensler som har vorte vekte til live hos barnet.

Utfordringar til deg

  1. Kva får alarmen din til å slå seg på?
  2. Korleis roar du deg ned?
  3. Kva tykkjer du det er greitt at andre gjer når du føler at du mistar kontrollen?

Kjelder

Dønnestad, E. (2015, 20. januar). Hjerne-opplysning for barn. https://rvtssor.no/aktuelt/33/hjerne-opplysning-for-barn/

Ringereide, K. og Thorkildsen, L. S. (2019). Folkehelse og livsmestring. Pedlex.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Riborg Anna Ringereide.
Sist fagleg oppdatert 25.02.2021

Læringsressursar

Kognitiv utvikling og funksjonen til hjernen