Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Inkludering og venskap

I arbeidet med barn og unge skal vi jobbe for å fremje inkludering og bidra til at alle barn har moglegheit til å utvikle venskap. Vi skal leggje til rette for at barn kan byggje relasjonar gjennom leik og aktivitetar, òg på tvers av ulike grupper.

Oppgåve 1. Venskap

Sjå musikkvideoen over (du kan òg sjå han utan lyd). Diskuter spørsmåla i ei gruppe. Skriv ned det de kjem fram til.

  1. Kva kjensler vekkjer filmen hos dykk?

  2. Kva kan de gjere for at alle barn har nokon å vere saman med i barnehage og SFO?

  3. Kva kan de gjere for å hjelpe barn til å utvikle venskap? Gi fleire døme.

  4. Korleis kan de finne ut av om barn er inkluderte, kjenner at dei høyrer til og er ein del av eit fellesskap?

  5. Korleis vil de leggje til rette for leik og aktivitetar som kan stimulere til venskap og relasjonar mellom barna? Gi fleire døme, og grunngi kvifor dette stimulerer til venskap og relasjonar. Her kan de godt skilje mellom kva de kan gjere i barnehage og SFO.

Oppgåve 2. Profesjonell, rollemodell og relasjonar

Diskuter spørsmåla i ei gruppe. Skriv ned det de kjem fram til.

  1. Ein barne- og ungdomsarbeidar må sjå og gjere. Kva betyr det?

  2. Som barne- og ungdomsarbeidar skal du observere, vere merksam og jobbe for inkludering heile tida. Kva betyr det?

  3. Alle kan gjere noko. Kva kan de gjere i klassen for at alle skal oppleve seg inkludert og kjenne tilhøyrsel? Gi fleire døme, ver konkret.

  4. Kva ansvar har du som barne- og ungdomsarbeidar med tanke på inkludering?

    • Kva betyding har gode relasjonar for inkludering?

    • Korleis kan du skape gode relasjonar til alle barna?

  5. Som barne- og ungdomsarbeidar skal du vere ein god rollemodell og jobbe for inkludering i alle situasjonar.

    • Kva haldningar og verdiar må liggje til grunn for at de skal kunne skape eit inkluderande miljø?

    • Kva betyr det at inkludering må vere ein del av tenkjemåten din som barne- og ungdomsarbeidar?

    • Korleis må de opptre for at barn og unge skal oppleve at det er eit inkluderande miljø der de jobbar?

Oppgåve 3. Intervju

Jobb saman i ei gruppe.

I denne oppgåva skal de undersøkje og finne ut korleis dei jobbar med inkludering og mangfald i barnehage og SFO.

  • Sjå filmen Tema: Eit "felles VI" i SFO.

  • Lag spørsmål til eit intervju. Under er nokre tips til kva de kan spørje om.

    • Korleis legg de til rette for leik og aktivitetar slik alle kan delta?

    • Korleis jobbar de med inkludering samtidig som de tek vare på barn sin rett til medverknad og medråderett?

    • Kva verdiar og haldningar ligg til grunn for arbeidet dykkar?

    • Korleis opptrer de som rollemodellar for å skape inkludering?

  • Ta kontakt og gjer avtale med ein barnehage eller SFO om å få lov til å intervjue ein i personalet om inkludering og mangfald.

  • Lag ein digital presentasjon av funna deira, gjerne i form av ein PowerPoint eller liknande. Vis denne for resten av klassen.

Refleksjon i klassen

  1. Kvifor er det viktig å ha fokus på inkludering heile tida?

  2. Korleis kan de vise respekt og toleranse for at alle er forskjellige?

  3. Korleis ta vare på mangfald og samtidig ta vare på behovet til det enkelte barnet?

CC BY-SASkrive av Siv Stai.
Sist fagleg oppdatert 10.11.2022

Læringsressursar

Mangfald og respekt