Hopp til innhald

Fagstoff

Å arbeide som brukarstyrt personleg assistent

Mange menneske med nedsett funksjonsevne vel å tilsetje ein brukarstyrt personleg assistent. Ein fagarbeidar som blir tilsett i ei slik stilling, får arbeidsoppgåver som er tilpassa dei behova og ressursane som brukaren har.

Brukarstyrt personleg assistanse (BPA) er ein alternativ måte å organisere den praktiske og personlege hjelpa til menneske med nedsett funksjonsevne på. Dette er menneske som treng assistanse i dagleglivet – både i og utanfor heimen.

Brukaren har då ei arbeidsleiarrolle og har eit større ansvar for å organisere og bestemme arbeidsoppgåvene og tenestene ut frå sine eigne behov. Målet er at brukaren skal ha moglegheit til å leve eit aktivt og mest mogleg uavhengig liv trass i nedsett funksjonsevne.

Dersom brukaren heilt eller delvis ikkje er i stand til å vere arbeidsleiar sjølv, vil arbeidsleiarrolla varetakast av andre på vegner av eller i samarbeid med brukaren.

Å arbeide som personleg assistent

Å arbeide som BPA kan omfatte praktisk og personleg assistanse til alle gjeremåla i dagleglivet i heimen og i tilknyting til hushaldet. I tillegg kan det vere behov for å bidra slik at brukaren får tilfredsstilt sosiale behov som moglegheit for samvær, sosial kontakt, fellesskap og aktivitet.

Arbeidsoppgåvene vil vere tilpassa behova til brukaren og kan til dømes vere å gi praktisk hjelp og assistanse til

  • å vareta personleg hygiene og naturlege funksjonar (toalett)

  • å legge seg, stå opp, dusje og vaske seg, av- og påkleding

  • å sjølv vareta eigenomsorg

  • innkjøp av varer, matlaging og gi tilpassa hjelp under måltidet

  • vask av klede og bustad

  • å leve eit aktivt liv i fellesskap med andre

Utfordringar til deg

  1. Forklar kva ein brukarstyrt personleg assistent er.
  2. Kven kan ha ansvaret for å organisere oppgåvene til ein brukarstyrt personleg assistent?
  3. Kva er målet med å ha ein brukarstyrt personleg assistent?

Kjelde

Helsedirektoratet. (u.å.). Opplæringshåndbok brukerstyrt personlig assistanse BPA (IS-2313). https://helsedirektoratet.no/publikasjoner/oppleringshandbok-brukerstyrt-personlig-assistanse-bpa

Relatert innhald

Sjølvbestemming bidreg til motivasjon og kan auke livskvaliteten til eit menneske. Sjølvbestemming handlar om å sjølv få ting til å skje i sitt eige liv.

CC BY-SASkrive av Birgit Flaten og Siv Stai. Rettshavar: Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 15.06.2022

Læringsressursar

Dei ulike yrkesarenaene til helsefagarbeidarane