Hopp til innhald

Fagstoff

Vandresegner

Segner kan vandre over landegrenser, og dei kan oppstå i stadig nye versjonar, knytte til nye stader og nye menneske. Vi kan finne mange norske vandresegner att i segntradisjonar i andre land.
Ein sjøorm stikk hovudet opp av vatnet i ein innsjø. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Moderne vandresegner

Moderne vandresegner er ei nemning som blir brukt på segner om moderne hendingar og fenomen. Dei er også ein del av den munnlege forteljartradisjonen, og tilhøyrer dermed folkelitteraturen. Historiene er lette å hugse og vekkjer lett interesse hos tilhøyrarane, og det gjer segnsjangeren levande den dag i dag.

"Sikker kjelde" gjer segna truverdig

Som andre segner gir moderne vandresegner seg ut for å vere sanne. Når vi fortel ei vandrehistorie, vil vi gjerne bli trudd på at ho er sann, derfor påstår vi ofte at hovudpersonen er ein kjenning av ein kjenning.

Ein annan måte å gjere historia truverdig på, er å hevde at ho stammar frå ei påliteleg kjelde, som til dømes ein politimann eller ein lege. Om historia har stått på trykk i ei avis, er dette for mange ein absolutt garanti for at ho er sann. I våre dagar blir moderne vandresegner traderte hovudsakleg gjennom medium som aviser og Internett.

Dessverre for alle godtruande tilhøyrarar og forteljarar er dei fleste vandresegner meir eller mindre fri fantasi. Men ettersom det vanlegvis er umogleg å spore ei vandresegn heilt attende til kjelda, kan ein jo aldri vere sikker. Kanskje hendingane det blir fortalt om, verkeleg har funne stad ein gong, ein eller annan stad i verda?

Urban legends

Moderne vandresegner blir kalla "urban legends" på engelsk. Mens tematikken i den eldre segntradisjonen var knytt til bondesamfunnet, er han i dei moderne vandresegnene knytt til den moderne, urbane røyndomen. Mange av segnene handlar om møte med det ukjende, og det framande blir sett i lys av den kulturen forteljaren tilhøyrer.

Sanning eller oppspinn – det viktigaste er uansett at historia vekkjer interesse, og at innhaldet svarer til folk sine meiningar og fordommar. Då er sjansane store for at historia blir ført vidare frå munn til munn, frå land til land – stort sett med same handlinga, men med stadig nye detaljar.

Har du høyrt denne?

Ein mann blei funnen i død i dykkardrakt, lang inni bushen i Australia. Etterforskinga viste at det hadde vore ein skogbrann i området der mannen blei funnen. Brannhelikopter hadde henta vatn frå sjøen der mannen dykka, og etterforskarane meiner forklaringa er at mannen har blitt fanga opp i dei store vassposane som blei tømde ut over skogen.

Kjenner du andre slike utrulege historier? Har du sjekka om dei er sanne, eller er dei kanskje vandrehistorier som denne?

CC BY-SASkrive av Anne Ely Thorenfeldt og Marion Federl.
Sist fagleg oppdatert 05.10.2018

Læringsressursar

Folkedikting