Her skal vi sjå nærare på faktorane som verkar inn på planlegginga og gjennomføringa av eit transportoppdrag.
For at transportoppdraget skal bli ei så god oppleving som mogleg for alle partar, må du planleggje godt.
Forhold du må ta omsyn til
kva lover og reglar som skal følgjast
talet på passasjerar du skal transportere
kven passasjerane er
kvar transporten skal gå
kva transportmiddel som passar til transporten
føremålet med turen
når transporten skal skje
kva rute du skal køyre
kva kostnadene blir
kva pris du kan ta
kva for dokument som må vere på plass
korleis lasting og påstiging skal skje
når du skal vere framme på destinasjonen
når eventuell retur skal skje
Kva for lover og reglar må du følgje?
For transportoppdrag gjeld ei rekkje lovfesta reglar. Derfor må både transportselskapet ditt og du som yrkessjåfør kjenne til lovverket som gjeld for dei respektive oppdraga. De må kjenne til
krav til køyretøy
krav til bruk av køyretøy
krav til køyre- og kviletid
krav til sjåføren
I tillegg stiller passasjerane krav til service og tilleggstenester som må vere på plass for at dei skal vere nøgde.