Oppgåve 1 – gruppeoppgåve
Fase 1: Gå saman i grupper på tre til fem elevar.
Ta utgangspunkt i ei sals- eller reiselivsbedrift. Lag utkast til etiske retningslinjer for bedrifta.
Fase 2: Diskuter resultata i fellesskap i klassen.
Kvar av gruppene refererer frå gruppearbeidet. Diskuter punkta dykkar, og finn ut kva som er likt og ulikt.
Drøft kva som kan skje dersom bedrifta ikkje følgjer etiske spelereglar.
Oppgåve 2
Varsling
Du jobbar som salsmedarbeidar i ein daglegvarebutikk, og du oppdagar at din næraste overordna stadig tek med seg heim ferskvarer som skal seljast til redusert pris på grunn av datomerking. Kva gjer du?
Oppgåve 3
Etiske retningslinjer
Søk på Google og finn døme på etiske retningslinjer for ulike sals- eller reiselivsbedrifter (til dømes butikkjeder, hotell, flyselskap eller transportfirma). Kva for nokre etiske retningslinjer er samanfallande for desse bransjane? Og kva er ulikt?