Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Lær marknadskommunikasjon av kvarandre

I denne oppgåva skal du samarbeide med den du sit ved sida av i klasserommet, med vekt på å lære marknadskommunikasjon av kvarandre. Lykke til! 😊
Fire elevar, to gutar og to jenter, i eit klasserom. Framfor seg har dei kvar sin datamaskin eller nettbrett. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Sjå på omgrepa nedanfor, og fordel dei med medeleven ved sida av deg.

  • Bruk nokre minutt på å setje deg inn i omgrepa du har fått tildelt, før du forklarer dei for medeleven din.
  • Be deretter vedkommande formulere det han/ho har lært av deg, med eigne ord.
  • Medeleven forklarer deretter dei andre omgrepa til deg, før du skal formulere desse med eigne ord.

Fokus i denne oppgåva er å lære av kvarandre.

Omgrep:

  • marknadskommunikasjon
  • kommunikasjonsprosessen
  • retoriske appellformer
  • Lasswells hugseregel for kommunikasjonsanalyse
  • AIDAS-modellen
  • kommunikasjonskanalar
  • eigne, kjøpte og fortente kanalar
  • individuell kommunikasjon
  • massekommunikasjon
  • digital kommunikasjon
  • viral marknadsføring
  • influensarmarknadsføring
CC BY-SASkrive av Elisabeth Thoresen Olseng.
Sist fagleg oppdatert 28.12.2020

Læringsressursar

Konkurransemiddelet marknadskommunikasjon