Marknadsmiksen til Ben & Jerry's
I denne oppgåva skal de utforske og vurdere korleis Ben & Jerry's kombinerer ulike konkurransemiddel. Oppgåva kan løysast individuelt, men eignar seg òg godt til gruppearbeid.
Nettstad: https://www.benjerry.no/
Oppgåve
Utforsk og vurder korleis Ben & Jerry's kombinerer ulike konkurransemiddel. Vis til konkrete døme.
Kva konkurransemiddel meiner de Ben & Jerry's legg aller mest vekt på? Kom med konkrete døme og grunngi svaret.
Lag ein presentasjon eller skriv ein tekst som de kallar "Marknadsmiksen til Ben & Jerry's".
CC BY-SASkrive av Elisabeth Thoresen Olseng.
Sist fagleg oppdatert 22.04.2021