Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Streik, lockout og tvungen lønsnemnd

Stort sett klarer partane i arbeidslivet i Noreg å finne løysingar før konflikten blir altfor stor. Men av og til blir det open konflikt. Då har partane kvart sitt våpen å ty til.
Rosa t-skjorte med påskrifta "Tariffavtale nå! #rosastreiken". Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Streik

  1. Kva for ein av partane i arbeidslivet har streik som "våpenet" sitt?
  2. Kva er streik, og når blir det brukt?
  3. Finn eit døme på streik i nyheitene.
    • Kva var årsaka til streiken?
    • Fekk dei streikande sin vilje gjennom? Kvifor/kvifor ikkje?

Lockout

  1. Kva for ein av partane i arbeidslivet har lockout som "våpenet" sitt?
  2. Kva er lockout, og når blir det brukt?
  3. Finn eit døme på lockout i nyheitene.

    • Kva var årsaka til lockouten?
    • Fekk dei som sette i verk lockouten sin vilje gjennom? Kvifor/kvifor ikkje?

Tvungen lønsnemnd

  1. Kva for ein av partane i arbeidslivet har tvungen lønsnemnd som "våpenet" sitt?
  2. Kva er tvungen lønsnemnd, og når blir det brukt?
  3. Finn eit døme på tvungen lønsnemnd i nyheitene.
    • Kva var årsaka til at det vart sett i verk tvungen lønsnemnd?
    • Fekk dei som sette i verk den tvungne lønsnemnda sin vilje gjennom? Kvifor/kvifor ikkje?
CC BY-SASkrive av Eivind Sehested Zakariassen.
Sist fagleg oppdatert 25.06.2020

Læringsressursar

Organisering av samfunns- og arbeidslivet