Hopp til innhald

Fagstoff

Levestandard, livskvalitet og berekraftig utvikling

Noreg er eit rikt land, der innbyggjarane har svært høg levestandard. Forsking viser òg at vi jamt over opplever god livskvalitet. Men norsk økonomi har i stor grad vært basert på olja. I dag ser vi ein større diskusjon om berekraft og berekraftig utnytting av ressursene
Blid, ung mann ligg på grasset. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Somme meiner at det er lite berekraftig både for oss og etterkomarane våre å vekse opp i ein økonomi som er basert på miljøfiendtleg oljeutvinning, og som er avhengig av å vekse seg større og større for kvart år. Andre hevdar det motsette, at økonomisk vekst er avgjerande for at vi i vårt samfunn skal ha økonomisk evne til å takle utfordringane i framtida, og at oljen speler ei viktig rolle her.

Men kva er eigentleg samanhengen mellom levestandard, livskvalitet, lykke og økonomisk vekst?

Levestandard

Levestandard blir brukt som eit samleomgrep for alt som har noko å seie for velferda til ein person. Men vanlegvis avgrensar vi oss til å sjå på eit noko snevrare levestandardomgrep, der vi berre tek omsyn til tilgangen på økonomiske gode. Levestandarden vil då stort sett vere bestemt av forbruk av varer og tenester, men det er vanleg også å rekne med kva vi må yte for å kunne oppnå eit slikt forbruk. Det inneber at også fritida må reknast som ein del av levestandarden.

Levestandard kan oppfattast som graden av behovstilfredsstilling. Sidan behova skiftar med kvar vi bur (på grunn av klima o.a.), kan same tilgang av ressursar representere ulike levestandardar. Til dømes krevst det høgre forbruk av brensel for å oppnå ein bestemt levestandard når vi bur i eit kaldt klima.

Livskvalitet

Omgrepet livskvalitet bruker vi vanlegvis om ting som har å gjere med kor tilfreds ein er med tilværet, om ein har eit godt forhold til dei nærmaste, om trivsel og god funksjon i arbeidet, om glede i fritida og evne til fysisk og psykisk utfalding.

Livskvalitet kan målast på grunnlag av intervju eller spørjeskjema. Den siste metoden blir mest brukt, sidan han er minst ressurskrevjande og lettast å administrere.

Berekraftig utvikling

Ein vanleg definisjon på berekraftig utvikling er ei samfunnsutvikling som tilfredsstiller konsumbehova vi har i dag, utan å forringe sjansane for komande generasjonar til å få dekt sine behov. Omgrepet har vore allment brukt sidan 1980-åra. Det blir ofte brukt av politikarar og miljørørsler for å grunngi at fattigdomsproblem og miljøproblem må sjåast i samanheng, og for å argumentere for at kortsiktige økonomiske omsyn må vike plass for langsiktige miljøomsyn.

Internasjonalt er synet på kva som er ei berekraftig utvikling, delt. Somme, særleg i land med fattigdom og låg levestandard, hevdar at økonomisk vekst og utvikling er nødvendig for å heve levestandarden. Andre hevdar at miljøet på jorda ikkje toler at alle som bur her, får like høg levestandard som folk i Nord-Europa og USA. Forureining vil føre til temperaturauke, som igjen øydelegg livskvaliteten for alle som bur på jorda.

Spørsmåla vi står att med, er då: Må vi som bur i Europa og Norden, og andre, redusere krava våre til levestandard for å få til berekraftige samfunn? Og skal vi satse på god livskvalitet framfor høg levestandard?

CC BY-SASkrive av Leonhard Vårdal.
Sist fagleg oppdatert 21.05.2020

Læringsressursar

Berekraft og økonomisk vekst